No kan bygdehusa i Sogn og Fjordane søke om samarbeid med Teater Vestland! 16.10.24: På oppmoding frå Teater Vestland deler vi denne spennande informasjonen! Målgruppa er først og fremst de som driv forsamlingslokale/bygdehus i kommunen! Er der bygdehus i kommunen med mykje aktivitet og eit engasjert styre som får ting til å skje i bygda, så vi vil Teater Vestland gjerne komme i kontakt med dei! Oppmod dei om å gå inn på https://teatervestland.no/ og søk om samarbeid med Teater Vestland! Søknadsfrist er 13. november.
Oppstart SeniorQuiz fredag 23. august 22.08.24: Fredag 23. august kl. 12.00 startar SeniorQuizen opp att etter sommarferien. Velkomne til ein kjekke time med hjernetrim, kaffi/snacks og god prat her på Kringla - Eid Frivilligsentral. Gamle og nye quizarar er hjertelig velkomne til ein trivelig quiz-haust..
Takk til alle som kom på dugnad i Sansehagen 4. juli 08.07.24: Ein fantastisk gjeng på minst 14 stk. stilte på under dugnaden i Sansehagen på Hogatunet bu- og behandlingssenter torsdag 4. juli. Fleire organisasjonar hadde mobilisert medlemmer som hadde tid og lyst og vart med. Mellom dei var Stad Demensforening, Eid Røde Kors omsorg, Nordfjordeid sanitetsforening og Eid Pensjonistlag. Fleire organisasjonar har signalisert at dei vil vere med på dette samarbeidsprosjektet vidare. Tusen, tusen takk til alle som stilte på.
Sommarmøteplassen i Eidsgata 9 er open 6 veker i sommar 03.07.24: Sommarmøteplassen 2024 i Eidsgata 9 er sommaropen ungdomskafè drive av sommarhjelper (14-20 år) og støtta av Gjensidigestiftelsen. Sommarmøteplassen 2024 driftar også SommarBUA Eid frå slutten av veke 27 til slutten av veke 32. Sommarmøteplassen 2024 er open kvar dag måndag til fredag frå veke 27 til og med veke 32!
Nyhendebrev 2/2024 - Nytt og nyttig for frivillige i Stad 02.07.24: Her kan du lese nyhendebrevet nr. 2/24 "Nytt og nyttig for frivillige i Stad". Her kan du lese om påmelding til Innbyggjartreffet 2024 og inspirasjonssamlinga som skal vere 31.08, LTU, Kulturmidlar 2024, tilskot til sommaraktivitet, Nasjonale og regionale frivilligprisar, Friluftslivets år 2025 m.m.
Bli med på dugnad i sansehagen på Hogatunet bu- og behandlingssenter 01.07.24: Torsdag 4. juli kl. 15.00 skipar vi til ein liten dugnad i sansehagen på Hogatunet bu- og behandlingssenter. Alle som har lyst er velkomne til å bli med. Håpar å sjå deg der! Sjå plakat nedanfor!
Sommarhjelp - Søknadsfrist 2.juni 2024 07.05.24: Frivilligsentralane og Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga og Bufdir tilbyr 2 vekers sommarjobb for ungdommar i Stad kommune. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her:
Bli med på klebytedag! 26.04.24: Galyna Gokdere og Naturvernforbundet i Eid dreg igang klebytedag på Møteplassen her i Eidsgata 9 frå kl. 10.00 - 16.00 i morgon laurdag 27. april. Lever inn klede du ikkje lenger brukar og få deg noko fint nytt! Slik fungerer det:
Sei di meining om Stad kommune sin Temaplan for klima 10.04.24: Stad kommune er i gang med å utarbeide ein temaplan for klima. Arbeidet skal bidra til å løyse dei globale klimautfordingane ut frå eit lokalt perspektiv. Det blir difor utekontor/innspelskontor her i Eidsgata 9 torsdag 11/4 kl. 11.00 - 13.00 og onsdag 24/4 kl. 08.15 - 10.00 der du kan kome med dine innspel. Ta turen innom då vel!
Kurs i Stad foreiningsportal torsdag 11.april 09.04.24: Torsdag 11. april kl. 18.00 - 19.00 inviterer Frivilligsentralane til kurs i bruk av Stad Foreningsportal. Frivillige lag /organisasjonar eller andre frivillige grupper som tilbyr aktivitetstilbod og møtestadar i Stad kommune kan få gratis tilgang til ein egen profil og nytte seg av ein felles kalender. På kurset får ein lære korleis ein loggar seg inn, oppdatera profil og brukar kalender. Ein kan delta fysisk på Eid frivilligsentral (Møteplassen i Eidsgata 9), Selje frivilligsentral (Nabben 80 - Selje) eller digitalt på Teams.
Nyhendebrev 1/2024 - Nytt og nyttig for frivillige i Stad 09.04.24: Her kan du lese nyhendebrevet "Nytt og nyttig for frivillige i Stad". Dette er første utgåva i 2024. Det kjem mellom 4 og 6 slike nyhendebrev i løpet av 2024. I nr. 1 les du om Frivilligkvelden på Bryggja, kartlegging av Frivilligheita i Stad, Kurs i bruk av Stad Foreningsportal, Tilskuddsportalen, og Tilskuddsportalen sin opplæringsvideoar i å skrive søknader.
Dette skjer på Eid Frivilligsentral i veke 15 08.04.24: Kvar veke lagar vi ein liten oversikt over kva som rører seg på Eid Frivilligsentral. Tysdag har dagleg leiar arbeidsdag i Selje og torsdag deltek vi på temadag for 75 åringar i Operahuset Nordfjord. Her er oversikten over aktivitetar i veke 15.
Dette skjer på Eid Frivilligsentral i veke 14 02.04.24: Kvar veke lagar vi ein liten oversikt over kva som rører seg på Eid Frivilligsentral. Denne veka har dagleg leiar studieveke og er kun tilgjengeleg på epost og sms. Men ta gjerne kontakt der! Her er oversikten over aktivitetar i veke 14.
Dette skjer på Eid Frivilligsentral i veke 13 (påskeveka) 22.03.24: Kvar veke prøver vi å lage ein liten oversikt over kva som rører seg på Eid Frivilligsentral. Veke 13 vert ei veldig stille veke sidan det er mange fridagar. Denne oversikten gjeld også palmehelga(som eigentleg er veke 12) og 2. påskedag 1/4 (veke 14).
Fyller du 75 år i 2024? Kjenner du nokon som fyller 75 i år? Sjå her!!! 20.03.24: Då er du evt. den du kjenner velkomen til Stad kommune sin temadag! Det er viktig å planlegge alderdomen for å kunne bu heime lengst mogleg, ha god helse og eit godt liv. Difor inviterer fysio- og ergoterapitenesta til temadag i Operahuset. Det blir foredrag ved fysio- og ergoterapeutar, samt personale frå brann og Frivilligsentralen. Påmelding innan 3. april (sjå informasjon nedanfor)
Er du eller ditt lag interessert i å starte opp treningsgruppe for seniorar? 20.03.24: Stad kommune søkjer etter lag, organisasjonar og andre frivillige som er interesserte i å etablere treningsgruppa Sterk og stødig. Vi tilbyr GRATIS instruktørkurs og oppstartstilskot på 5000, til nyetablerte grupper.
Dette skjer på Eid Frivilligsentral i veke 11 12.03.24: Kvar veke vil vi prøve å lage ein liten oversikt over kva som rører seg på Eid Frivilligsentral. Her er oversikten over veke 11.
Datastova har ledige plassar på nytt kurs 06.03.24: Eid Datastove startar nytt 4 vekes kurs for deg som er heilt ny brukar av digitale hjelpemiddel, eller slit med å bruke teknologiske hjelpemiddel. Kurset startar onsdag 13. mars. Påmelding til Åsmund Kyrkjeide tlf. 90584220. Meir informasjon nedanfor.
Dette skjer på Eid Frivilligsentral i veke 10 04.03.24: Kvar veke vil vi prøve å lage ein liten oversikt over kva som rører seg på Eid Frivilligsentral. Her er oversikten over veke 10.
Dette skjer på Eid Frivilligsentral i veke 9 26.02.24: Kvar veke vil vi prøve å lage ein liten oversikt over kva som rører seg på Eid Frivilligsentral. Her er oversikten over veke 9.
Tilskot til kulturbygg - Søknadsfrist 31.03.2024 05.02.24: Tilskot til kulturbygg - Søknadsfrist 31.mars 2024. Tilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar - Søknadsfrist 30.april 2024. Les meir om saka på Stad kommune si nettside.
SeniorQuiz på Kringla - Eid Frivilligsentral 05.02.24: Ny kjekk aktivitet på Kringla-Eid Frivilligsentral frå januar 2024. Kvar fredag skipar engasjerte eldsjeler til SeniorQuiz på Eid Frivilligsentral. Det startar presis kl. 12.00. Alle som kjem vert plasserte på eit lag. Ingen Quiz-ar åleine. Det vert servert kaffi og snacks. Dette er blitt ein superkjekk helgestart, og her er plass til mange fleire. Bli med du også. Arrangementet er gratis! Kom og bli med du også!
Frivilligkveld på Bryggja 04.01.24: Lag og organisasjonar i Stad - velkomne til Frivilligkveld på Bryggja grendahus, onsdag 24.01.2024 kl. 17.30 - 20.30. Er du tillitsvald, medlem eller frivillig i ein organisasjon. Kom å bli med på ein trivelig og lærerik kveld!. Vi får presentert resultatet av kartlegginga som vart gjort av frivilligheita i Stad kommune i november. Der vert servert kveldsmat, og du kan presentere din organisasjon og dine aktivitetar og søkje samarbeid på informasjonstorget. Vi inviterer også til dialog mellom kommunetilsette og frivillige om korleis vi kan løyse heilt konkrete utfordringar i lag. Klikk deg vidare og meld deg på!
Vi mimrar litt tilbake til rett før jul 04.01.24: Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.
God jul og Godt Nytt år frå Eid Frivilligsentral 22.12.23: Då tek Eid Frivilligsentral juleferie og ønskjer alle velkomne tilbake anten som frivillige eller som deltakarar på dei mange møteplassane vi har her i EIdsgata 9.
Frivillighetens dag 5. desember 05.12.23: I dag er det Frivilligdagen 5. desember. Dette er dagen for å takke alle frivillige for den innsatsen dei legg ned kvar einaste dag. TUSEN TUSEN TAKK!!! Ekstra kjekt for oss her i Stad er at flotte representantar frå frivilligheita i kommunen vår pryder gratulasjonsbannera som Norges Frivilligsentraler har laga til. Dette er bilete frå Klenkarberget sommarcamp og frå Frivilligfestivalen på Nordfjordeid i 2022.
SLUTTSPURT - Klarer vi å få inn over 200 svar på kartlegginga av frivilligheita i Stad! 01.12.23: Dei siste tre vekene har Frivillighet Norge sendt ut epost til denne adressa med ei kartlegging av frivilligheita i Stad. I skrivande stund har vi fått inn 163 svar. 21 organisasjonar har starta å fylle ut. Men framleis er det heile 180 organisasjonar som kan svare. Det hadde vore så utrulig kjekt om vi klarte å få inn over 200 svar.
Korleis er det å vere frivillig i Stad? Kartlegginga av frivilligheita i Stad er i full gang. 16.11.23: Målet i Stad kommune si frivilligpolitiske plattform er at det skal vere enkelt. Men er det slik? Kva må til for at vi saman skal nå dette målet? Måndag 13. november fikk alle frivillige organisasjonar i Stad kommune utsendt kartleggingsundersøkelse frå Frivillighet Norge. Sjekk om du /din organisasjon har fått e-posten frå Frivillighet Norge. Dersom det er organisasjonar som ikkje har fått den så ber vi alle om å sjekke mappe for søppelepost. Det kan vere at den ligg der. Dersom den ikkje ligg der, kontakt Eid eller Selje Frivilligsentral. No håpar vi at alle vil bruke 15-25 minutt og svare på undersøkinga. Svarfrist er 26. november. (foto: Olin Yri - Fjordabladet)
Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune 07.11.23: Det skal i perioden 13. november - 26. november gjennomførast ei kartlegging av alle frivillige organisasjonar i Stad kommune. Kontaktpersonar for lag og organisasjonar i Stad kommune vil i forkant av denne bli kontakta av Eid eller Selje frivilligsentral der ein vil få meir informasjon om kartlegginga og kvifor det er viktig å få høg svarprosent på den.
Søknad om dekning av uteståande medlemskontingentar, treningsavgifter eller deltakaravgift for 2023 07.11.23: Lag og organisasjonar kan nå søke dekning for uteståande medlemskontingentar, reiseutgifter, treningsavgifter og deltakaravgift for 2023. Samla pott som vert delt ut er kr. 50.000,-. Søknad skal leverast digitalt innan 1. desember 2023.
Informasjonsmøte 27.11.23 - Tilskot til lokale kulturbygg 07.11.23: Måndag 27.11.23 kl. 19.00-20.30 inviterer vi til informasjonsmøte om spelemidlar og andre tilskotordningar til lokale kulturbygg/organisasjonseigde hus. Du kan delta fysisk eller digitalt – ingen påmelding.
Nokon som vil arrangere julefeiring i lag? 10.10.23: Er det nokon som kunne tenkje seg å arrangere opa julefeireing eller andre møteplassar i adventstida, julafta eller romjula. Er det firma, organisasjonar eller privatpersonar som kunne tenkje seg eller har planer om å arrangere noko? Frivilligsentralane vil gjerne samle saman til ein aktivitetskalender for jula i Stad.
Frisklivssentralen arrangerer kvardagsgledekurs! 22.09.23: Kurset passar for folk over 18 år som ynskjer å ta grep om kvardagen. Kvardagsglede handlar om kva som skapar gode kvardagsopplevingar og det bidrar til å styrke di psykiske helse. Kurset handlar om korleis du, med fem grep og konkrete øvelsar, kan oppleve auka kvardagsglede. Kurset går over 6 kursdager, torsdagar kl. 12.30 – 15.00 frå 19. oktober til 23. november i Selje. Vi planlegger for kursrekker 2 ganger i året, annankvar gang i Selje og på Nordfjordeid.
Bli med som frivillig på tur til Lynghaughornet eller Naustdalkamben torsdag 22. juni 21.06.23: Opplæring- og integreringstenesta i Stad kommune lurer på om der er nokre frivillige som har lyst til å vere med på tur i morgon 22. juni anten til Lynghaughornet på Flatraket eller på Naustdalkamben mellom Haugen og Stårheim. Interesserte kan melde seg ved å sende SMS til Gro Iren på tlf. 45601266. Bli med då vel!
Gjensidigestiftelsen held digitalt informasjonsmøte om si haustutlysing av midlar "Aktiv fritid for alle" 09.06.23: Torsdag 15. juni kl. 19.00 inviterer Gjensidigestiftelsen til digitalt informasjonsmøte om si haustutlysing "Aktiv fritids for alle". Håpar det er mange lag og organisasjonar i Stad kommune som blir med. Klikk deg vidare for å lese invitasjon og melde dykk på.
Eid Røde Kors treng frivillige turleiarar til Til topps 2023! 01.06.23: SJÅ HER ALLE SOM ER GLADE I Å GÅ PÅ TUR! Eid Røde Kors har heile 70 påmelde fleirkulturelle eidarar som skal vere med på fjellturen TIL TOPPS 2023- laurdag 17. juni. Det er heilt fantastisk respons!!!! No treng dei 10-15 frivillige som kan vere turleiarar. Avreise frå Nordfjordeid truleg i 8-9 tida om morgonen til Gloppen og aktiviteten varer heile dagen. I Gloppen går turen anten i Trivselskogen eller til toppen av fjellet Svinestranda som ligg 1074 meter over havet. Interesserte melder seg til: Svein Rune Myklebust tlf. 91593138 , epost: svein.rune@myklebust.net
Frivillige organisasjonar kan no søke om momskompensasjon på varer og tenester 31.05.23: Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele i overkant av 2 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2023. Denne ordninga skal fremje frivillig aktivitet, gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar hat hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Det er ope for søknader og søknadsfristen er 1. september.
Kleinnsamling/humanitær hjelp til Ukraina 23.05.23: Den flotte dugnadsgjengen med Galyna Gokdere i spissen, held fram innsamling av kle og sko i veke 21 og 22. Det er nye og pent brukte kle og sko til barn, dame og herre som vert samla inn. Innsamlingsstad - Møteplassen i Eidsgata 9. Tider for innsamling er annonsert nedanfor. Nedanfor er det også lista opp aktuelle produkt som er etterspurte og som dugnadsgjengen tek imot.
Lær deg å skrive ein god CV! 19.05.23: Tysdag 23/5 og torsdag 1/6 kl. 18.00 - 19.00 tilbyr vi CV skrive kurs på TEAMS. Dette er ein del av prosjektet "Sommarhjelp for sommaraktivitet", men kurset er ope for alle som vil lære meir om å skrive ein god CV. Alle som søkjer på sommarhjelpjobbane må legge ved ein CV. Ein kan delta på kurset heima i frå eller komme å delta på kurs på Eid frivilligsentral - Eidsgata 9 eller Selje frivilligsentral - Nabben 80.
Sommarjobb for ungdom 14 - 20 år 19.05.23: Frivilligsentralane og Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftelsen, Helsedirektoratet og Bufdir tilbyr omlag 25 ungdomar sommarjobb i 2 veker i sommar. Søknadsfrist 4.juni. Vi tilbyr og gratis CV skrivarkurs.
Inspirasjonssamling for lag og organisasjonar og Innbyggjartreff, 26.08.23 28.04.23: Laurdag 26.08.2023 er det klart for innbyggjartreff i Operahuset Nordfjord, der frivilligheita i Stad og kommunen møter innbyggjarane. Vi håpar at så mange frivillige organisasjonar som mulig vil ha stand i Operahuset denne dagen. Vi har eit stort mangfald av organisasjonar som tilbyr ei mengde frivillige aktivitetar og sosiale møteplassar. Vi har lyst til at de skal vise dette fram! Det blir også mulig for lag og organisasjonar å delta på ei inspirasjonssamling før innbyggjartreffet. Klokka 14.00 opnar dørene for publikum/innbyggjarane. Sjå program og finn lenke til påmelding til inspirasjonssamlinga og stand: (Påmelding gjeld kun for lag og org. )
Rom for deltakelse - regjeringens kulturfrivillighetsstrategi (2023-2025) 28.04.23: Regjeringen er klar med første strategi i historia for det frivillige kulturlivet: "Rom for deltakelse - regjeringens kulturfrivillighetsstrategi (2023-2025)". Strategien skisserer ei rekkje tiltak regjeringa vil gjennomføre.
Velukka frivilligkveld 31.03.23: Det var god stemning, varierte inspirasjonsinnlegg og mange gode spørsmål og innspel på dialogmøte mellom frivilligheita og kommunen.Nesten 100 personar frå frivillige lag og organisasjonar, tilsette og politikarar i Stad kommune var samla i det flotte Grendahuset på Bryggja.
Konsertforedrag fredag 10. februar 13:30 09.02.23: Arne Sølvberg og Håvard Svendsrud held konsertforedag om H.M Bolstad og andre Nordfjord-spelemenn. Det skjer på Eid Frivilligsentral i Eidsgata 9, fredag 10. februar kl. 13.30. Gratis adgang og enkel servering.
Digitalt seminar for frivilligheita i Vestland 08.02.23: Vestland fylkeskommune arrangerer digitalt seminar for friviloligheita i Vestland. Tema er: Korleis kan vi skape meir i lag, og løfte kvarandre og lokalsamfunna?
Opningstider Eid Frivilligsentral - jula 2022 22.12.22: Eid Frivilligsentral har følgjande opningstider/kontortider jula 2022:
Bli med og hjelpe til på arrangement i Valhall tysdag 27. desember. 21.12.22: Jula er for mange av flyktningane ein periode der det ikkje skjer så mykje. Norske barn gledar seg veldig til desse dagane, medan nokre barn ikkje er så glad i desse vekene då det ikkje er skule som vanleg, og ein ikkje ser så mange av vennane sine. Vi arrangerer difor ein julefest for flyktningane i indre del av kommunen. Her treng vi hjelp til servering av risgraut, gang rundt juletre, kaker, kaffi og godt prat. Du kan vere med og ordne praktiske ting, eller berre sitte og prate med folk.
NB! VI utvidar søknadsfristen til 27/12-22! Tilskot til å inkludere heimebuande eldre i aktivitet 07.12.22: Stad kommune deler ut kr. 5000,- til 6. frivillige lag og organisasjonar som ønskjer å gjere ein ekstra innsats for å inkludere heimebuande eldre i sin aktivitet eller generelt i aktivitet i nærområdet vinteren/våren 2023. Utvida søknadsfrist: 27/12-2022.
Bli med på markeringa av Frivillighetens dag 2022 du også 02.12.22: Måndag 5. desember er frivillighetens dag. Dagen vert markert i Oslo med fagdag og festarrangment med m.a. utdeling av den nasjonale Frivilligprisen 2022.. Du treng ikkje reise heile vegen til Oslo for å bli med.
Stadven - Inkluderingskontakt for nye innbyggjarar 15.11.22: Når ein er ny på ein stad er det fint å ha kontakt med lokale som kjenner plassen, muligheitane, språket og kulturen. Det er igjennom møte med andre mennesker og deltaking i aktivitet ein blir inkludert og kan trivast. Her kan du melde deg både som Stadven- frivillig inkluderingskontakt, og melde i frå om du har behov for ein Stadven. Det er spesielt stort behov for dette tiltaket no som Stad kommune får mange nye flyktningar. Her vil det også bli behov for frivillige til ulike praktiske oppgåver. (foto: Sigve Rasmussen)
Verdensdagen for psykisk helse - Tema 2022: Vi treng kvarandre. #løftblikket 10.10.22: 10. oktober 2022 vert Verdensdagen for psykisk helse markert for 30. gong. I år er markeringane prega av å skape dei gode og meningsfulle møtene mellom ulike menneske. Det er slike møteplassar vi har mange av her på Eid Frivilligsentral.
Verdensdagen for psykisk helse 2022: Ny miniserie om årets tema 10.10.22: Ein av fem i Noreg har ingen å rekne med når dei slit, og fleire er einsame no enn før pandemien. Kva konsekvensar har dette for fellesskapet, og hva kan vi gjere med det? Thomas Selzer tar praten med nokon av landet sine klokaste stemmer i vår nye serie om ensemd og utanforskap, i høve Verdensdagen for psykisk helse 2022.
Verdensdagen for psykisk helse - Bli med på livesending 10. oktober kl. 20! 🧡 10.10.22: I dag 10. oktober er Verdensdagen for psykisk helse. Else Kåss Furuseth, Thomas Seltzer, Victoria Nadine, Ruben og SALTI inviterer dykk alle til ein kveld med meiningsfulle samtaler, fin musikk og ikkje minst - utdeling av Åpenhetsprisen! 🎵 . ✨Livesendinga kan følgjast på Facebook og YouTube frå kl. 20!
Bli med på innbyggjartreff og ALLEMED-dugnad 3. sept! 18.08.22: Laurdag 3. september inviterer Stad kommune og Frivilligsentralane lag, org. og innbyggjarar til treff i Operahuset Nordfjord kl. 14.00 - 16.00! Bli kjende med frivillige lag og organisasjonar/fritidsaktivitetar i Stad, kakefest, gratis kino m.m. På føremiddagen same dag inviterer vi til ALLEMED-dugnad. Lag og organisasjonar som stiller med stand på innbyggjartreffet og som deltek på ALLEMED-dugnaden må melde seg på. Elles er det ope hus på Innbyggjartreffet!
Utlysing av Sommarhjelpjobbar 2022 27.05.22: Eid Frivilligsentral og Selje Frivilligsentral har vore så heldige å få tildelt kr. 300.000,- frå Gjensidigestiftelsen til å kunne tilsette Sommarhjelper også i 2022. Ei sommarhjelp er ein ungdom mellom 14 og 20 år med folkeregistrert adresse i Stad kommune. Sommahjelpene dette året skal fortrinnsvis skape sommarmøteplassar for andre born/unge. Sommarhjelpene får tariffløn frå Stad kommune. No lyser vi ut stillingane. Søknad skjer på elektronisk skjema. Søknadsfrist er fredag 10. juni.
Vi må desverre avlyse FredagsForfattar 26. november 25.11.21: Vi må desverre avlyse FredagsForfattar arrangementet fredag 26. november. Vi utset til over nyttår. I januar 2022 er både Nils Ola og mange fleire FredagsForfattarar klare for trivelige helgestarøkter her i Eidsgata 9. Velkomne innom då!
Gratis busstur til Selje Prestegard for heimebuande eldre 8/7 02.07.21: Frivilligsentralen i samhandling med Eid Røde Kors Omsorg og Orheim Turbuss inviterer heimebuande eldre til gratis dagstur til Selje prestegard, torsdag 08.07.21. Påmelding innan 07.07. kl. 12.00 til Frivilligsentralen v/ Astrid Grete Torheim 41460042. Avreise frå Eid Idrettshus kl. 10.00. Dersom nokon ynskjer å gå på bussen t.d. på Haugen/ Stårheim/ Kjølsdalen/ Bryggja så må det avtalast tidspunkt og stad for henting nær RV15. Retur til Nordfjordeid ca. kl. 16.00
Svar til dei som har søkt sommarhjelp jobbar kjem i veke 26 25.06.21: Ungdomane i Stad har virkelig lyst til å jobbe i sommar!!!! Vi fekk inn heile 74 søknader til dei 20 sommarhjelp-jobbane våre. No har vi gjort 2 ting. Vi har lest alle søknadane, og vi har prøvd å sjå om vi kan lage til nokre sommarhjelp-jobbar til. Det er årsaka til at det har teke litt lenger tid. Det blir tilsetting måndag eller tysdag i veke 26. I løpet av onsdag vil alle ha fått svar på søknaden sin.
Kan nokon hjelpe Stad bibliotek - Nordfjordeid? 17.06.21: Biblioteket treng nokre frivillige til å få rydda på plass alle skulebøkene når skuleåret er over. Har du litt tid til overs og kunne hjelpe til, meld deg på biblioteket frå kl. 09.00 og utover dagen måndag 21. juli. Du treng ikkje melde deg på. Berre møt opp i skranken og sei at du vil hjelpe til.!! Håpar nokon har anledning til å vere med :-)
VELKOMEN til digitalt møte for lag og org. 15.06.21: Stad kommune og Frivilligsentralen vil invitere alle lag og organisasjonar i Stad til digitalt møte tysdag 15. juni kl 19.00-20.30. Vi vil informere om saker vi arbeider med som kan vere viktige for deg og ditt lag. Vi har sett av tid til spørsmål og tema du ønskjer å ta opp.
Sommarjobb for deg mellom 14 og 20 år! 11.06.21: Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftelsen tilbyr inntil 20 ungdomar betalt sommarjobb i 2 veker i sommar. Arbeidstid 6 timar pr. dag måndag til fredag.
Frigjeringsdagen, Veterandagen og den internasjonal Røde Kors dagen - 8. mai 2021 10.05.21: I år var det Stad, Stryn og Gloppen kommune som saman med Eid Røde Kors inviterte til felles markering. I mange år har Eid Frivilligsentral vore koordinator for markeringa av denne spesielle dagen her på Nordfjordeid. Ekstra kjekt er det å få gjere dette saman med fleire medarbeidarar i den flotte kulturavdelinga i Stad kommune. I tillegg er frivillige organisasjonar som Eid Røde Kors, NROF, Eid Musikklag, Eid Ungdomskor og Plassens Venner viktige medspelarar. Det er også veteranane i Nordfjord og HV11. Også i år måtte vi avgrense arrangementet grunna Convid 19 pandemien. Og for å få alle med så vart arrangementet strøyma direkte på Facebook. Det vart ei flott sending Frequency fekk laga for oss.
Felles 8. mai-markering på Nordfjordeid 07.05.21: Stad, Stryn og Gloppen kommune inviterer saman med Eid Røde Kors til ei felles markering av Frigjeringsdagen, Veterandagen og Den Internasjonale Røde Kors-dagen 2021 på den gamle Eksersisplassen på Nordfjordeid (Malakoff).
Born og unge under 20 år i Stad, kan frå og med i dag delta på fritidsaktivitet! 07.04.21: Kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld gjore tysdag 6. april ei ny vurdering av risikonivå og vidare smitteverntiltak i Stad kommune. Situasjonen vert vurdert slik at ein ikkje lenger ser behov for eigne lokale smitteverntiltak i Stad kommune. Frå onsdag 7. april er det nasjonale anbefalingar og reglar kring smittevern som gjeld i kommunen. Desse samsvarer i stor grad med dei råda som har vore lokalt, men etter dei nasjonale anbefalingane kan barn og unge under 20 år delta på fritidsaktivitetar.
FredagsForfattar 16.10.2020 - Mai Elise Hammer kl. 13.00 13.10.20: Fredag 16. oktober kl. 13.00 er det klart for ny FredagsForfattar her på Eid Frivilligsentral. Mai Elise Hammer er opprinnelig frå Berlevåg, men no busett på Haugen her i Stad kommune. Ho er ein av initiativtakarane bak møteplassen "poetry-night" og ofte å finne bak skranken på Stad bibliotek - hovudbiblioteket på Nordfjordeid. Mai Elise har akkurat no gitt ut ei perle av ei diktsamling kalla "Et kjent punkt i mørket". Denne diktsamlinga får vi presentert på fredag. Vi gler oss!
Tilskotsordning for frivillige organisasjonar som jobbar for og med barn og ungdom i Stad kommune. 14.05.20: Retail Eiendom AS med Rema 1000 og Wenaas Kapital AS er ein av aktørene innen næringsutvikling på Eid. Selskapet jobbar aktivt med utvikling av Eid Næringspark. Jan Petter Larsen og Magne Jan Vik i Retail Eiendom AS ønsker å gi kr. 100.000,- til lokale frivillige organisasjonar som jobbar for og med barn og ungdom. Representerer du ein organisasjon eller eit lag som trenger støtte? Har du eit prosjekt eller ein god idè som kan bidra til fellesskapet der du bor eller skaper aktivitet for barn og ungdom? Vi vil oppfordrer deg til å søke støtte hos oss.
Webinar for lag og organisasjonar 5. mai kl.: 18:00 05.05.20: I lys av den svært uvanlege situasjonen vi står oppe i, ønskjer Stad kommune å bidra med nyttig og praktisk informasjon for lag, organisasjonar og aktivitetstilbydarar innan frivilligheit, kultur og idrett. Vi inviterer til eit webinar der vi vil sjå nærare på: - gjeldande reglar og retningslinjer som påverkar dine aktivitetar. - tilskots- og kompensasjonsordningar. - alternative måtar å drive aktivitet på.
Vi rådar alle til å halde seg oppdaterte! 13.03.20: Nedanfor finn du link til Stad kommune si informasjonside om tiltak mot koronasmitte. Vi rådar alle til å halde seg oppdaterte på dei råd og pålegg stat og kommune gir. Følg med her!
EID FRIVILLIGSENTRAL ER STENGT FOR Å AVGRENSE SMITTEFAREN AV COVID-19/Coronaviruset 13.03.20: Vi deltek i stordugnaden. Frå og med 12.03. er alle sosiale møteplassar som vert arrangert på Kringla Eid Frivilligsentral eller i regi av Eid Frivillgsentral stengt inn til vidare. Lista over dei aktivitetar det gjeld finn de nedanfor. Eid Frivilligsentral vil halde fram med middagskøyring i regi av frivillige. Eid Frivilligsentral er stengt for publikumsmottak, men er tilgjengeleg på telefon og epost i ordinær opningstid måndag til fredag kl. 09.30 - 15.00. Ta gjerne kontakt på tlf. 41460042 eller på epost: post@eid.frivilligsentral.no. Berre ta kontakt 😃!
Eid kyrkjelege fellesråd treng fleire frivillige til HalloVenn 21.10.19: Kvart år arrangerer Eid kyrkjelege fellesråd og kyrkjelydane i Eid, Kjølsdalen og på Stårheim HalloVenn i Eid Idrettshus om kvelden 31. oktober. Dei er godt i gang med planlegginga av arrangementet i år, men dei treng framleis nokre fleire frivillige til å hjelpe til. Er det nokon som kan tenkje seg å bidra med 3 timar dugnad denne torsdagskvelden?
Ane Barmen til FredagsForfattar 25. oktober 18.10.19: Fredag 25 oktober er det vågsøyværingen Ane Barmen som er FredagsForfattar på Kringla Eid Frivilligsentral. Ane Barmen er høgaktuell med sin første roman "Draumar betyr ingen ting". Boka kom ut tidlegare i haust på Gyldendal forlag, og er blitt svært godt motteken. I desse dagar deltek forfattaren på den store bokmessa i Frankfurt.
Meld deg på til: «Treffpunkt» Frivillig i Stad. Bryggja Grendahus - tysdag 3. september frå kl. 17.30 - 21.00 22.08.19: Korleis søke spelemidlar og andre tilskot til ditt lag? Tysdag 3. september inviterer Stad kommune til samling for lag og organisasjonar som ønskjer oppdatert kunnskap om korleis søkje midlar til å byggje idretts- og nærmiljøanlegg, oppgradere leikeareal og modernisere kulturbygg/forsamlingslokale m.m. Vi stiller med knallgode innleiarar og mat, og håpar mange vil vere med oss denne tysdagskvelden. Stad kommune har som mål å rigge eit sterkt fellesskap mellom de som driv frivillig arbeid og gjer tunge dugnadsløft i heile Nordfjord. Gjennom å bli kjende og dele kunnskap kan vi lettare løfte oss i lag! Målgruppe: Tillitsvalde i idrettslag, friluftsorganisasjonar, frivillige organisasjonar som driv forsamlingshus/grendahus, FAU ved skular og andre interesserte. Arrangementet er ope for deltakarar frå heile Nordfjord.
Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om momskompensasjon 03.06.19: Lotteri og stiftelsestilsynet oppmodar no lag og organisasjonar om å søkje momskompensasjon. Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,6 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2019. Dei sender no denne meldinga ut til lag og organisajonar:
CruiseDay 2019 – Invitasjon til lag og organisasjonar i Eid 04.04.19: CruiseDay inviterer lag og organisasjonar i Eid til å vere med og skape liv og aktivitet når det er CruiseDay på Nordfjordeid - éin eller fleire gonger i løpet av sommaren 2019. Dette kan både vere ein fin måte å tene pengar på og få vist fram aktiviteten dykkar. Ta kontakt med Eid Frivilligsentral dersom dette høyres spennande ut for ditt lag/organisasjon: Tlf: 41460042, E-post: post@eid.frivilligsentral.no. Klikk deg vidare for meir informasjon.
Veke 11 - mykje kjekt å glede seg til denne veka! 11.03.19: Det er måndag, og veke nr. 11 i 2019 er godt i gang. Det er mange kjekke aktivitetstilbod du kan vere med på her på Eid Frivilligsentral også denne veka.
Veke 7 på Eid Frivilligsentral 11.02.19: Det er måndag, og veke nr. 7 i 2019 er godt i gang. Det er mange kjekke aktivitetstilbod du kan vere med på her på Eid Frivilligsentral også denne veka.
Veke 6 - mykje kjekt å glede seg til denne veka! 04.02.19: Det er måndag, og veke nr. 6 i 2019 er godt i gang. Det er mange kjekke aktivitetstilbod du kan vere med på her på Eid Frivilligsentral også denne veka.
FredagsForfattar med Dagfred Berstad 04.02.19: Fredag 1. februar starta vi opp det fjerde året med FredagsForfattar. Og det var Dagfred Berstad frå Ervik på Stadlandet som var dagens forfattar. Han tok oss med på ei spennande reise attende til vikingtida og historia om Ragnvald Raud. Han var også innom kyrkjesoga i Selje, krigshistorie og mykje meir.
Frivilligpolitisk plattform er vedteken 16.03.18: Torsdag 15. mars vedtok Kommunestyret i Eid Frivilligpolitisk plattform for Eid kommune 2018-2021. Dette er blitt eit kortfatta og lettlest dokument med viktige prinsipp, verdiar, forankringar og tiltak for Eid kommune som tilretteleggar for frivillig arbeid. Det er også blitt eit godt dokument for framtidig samarbeid og samskaping mellom Eid kommune og frivillige.