FredagsForfattar med Dagfred Berstad

Fredag 1. februar starta vi opp det fjerde året med FredagsForfattar. Og det var Dagfred Berstad frå Ervik på Stadlandet som var dagens forfattar. Han tok oss med på ei spennande reise attende til vikingtida og historia om Ragnvald Raud. Han var også innom kyrkjesoga i Selje, krigshistorie og mykje meir.

Det vart ein god prat rundt bordet om tema og historie som bind nye Stad kommune saman. Både vikinghistoria og kyrkjehistoria gjer det. Visste du t.d. at Nordfjordfæringen var båttypen som lokalbefolkninga i Ervik nytta då dei berga mange av passasjerane frå forliset til hurtigruta St. Svitun under 2. verskrigen? Det vart ein spennande ettermiddag for dei frammøtte på Kringla Eid Frivilligsentral på fredag.

Eid Folkeakademi arrangerer FredagsForfattar saman med Eid Frivilligsentral. Det er utrulig kor mange i Nordfjordregionen som vågar å skrive og publisere det dei skriv. Vi har klart å fylle 3 sesongar med forfattarar, og er no godt i gang med den fjerde. Vi er heilt imponert. Det er like spennande kvar gong vi får forfattarbesøk.

Tusen takk til alle som tipsar oss om forfattar. Veit du om nokon, så tips oss på post@eid.frivilligsentral.no . Takk også til Aud som stilte med kjempegod kake til arrangementet.  Neste forfattar ut fredag 1. mars er Magnus Helge Torvanger, som i 2018 ga ut boka "Der havbåra bryt. Fiskerisoge frå Bremanger". Vel møtt!

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral