Velkomne til oss

Alle har noko å gi og alle treng ei hand. Vi brenn for at menneske skal møtest og gjere kvarandre rike. Å gjere noko for andre gjennom frivillig innsats skaper ny mening i livet. Ver aktiv i ditt nærmiljø, gjer ein dugnadsinnsats eller bli med på aktivitetar. Kom innom - vi kan vise veg!

Bli frivillig

Vi treng deg som frivillig og alle kan bidra med noko. Sei frå her dersom du vil være frivillig, så tek vi kontakt og finn saman med deg noko du har lyst til å vere med på.

Kva skjer

Dato Kl. Tittel Sted
Man 17.12 10:30 Sittedans på Fossevegen bufelleskap (Eldretunet) Fossevegen bufelleskap (Eldretunet) Nordfjordeid
Man 17.12 11:30 Sittedans på Hogatunet bu- og behandlingssenter (Vestibylen) Hogatunet bu- og behandlingssenter (Vestibylen) Nordfjordeid
Tir 18.12 13:30 Middagskøyring
Ons 19.12 13:30 Middagskøyring
Ons 19.12 13:45 Fleirkulturell damegruppe/Strikkegruppa Eid Frivilligsentral

Aktivitetar

Her finner du litt informasjon om det vi driver med på sentralen. Klikk for mer info.

"Aktive eldre" skal førebyggje einsemd gjennom å aktivisere fleire seniorar/eldre. Prosjektet jobbar for å motverke einsemd, passivitet og sosial tilbaketrekning, og å skape aktivitet, deltaking, sosialt fellesskap og møteplasser. Ønskje er å ta i bruk dei aktivitetar, møteplassar, nærmiljøtiltak og frivillige organisasjonar som allereie fanst i kommunen vår.

Les mer

I samband med Kulturnatt i Nordfjord 9. november, arrangerer Eid Folkeakademi og Eid Frivilligsentral Bokkafè på Kringla frå klokka 13.00 til ca 16.30. Her vert det presentasjonar av historiske årsskrift frå store deler av Nordfjord, forfattarbesøk, bokutstilling, sal av kaffi og kake og mykje meir. Vel møtt til ein triveleg ettermiddag med historisk sus over seg!

Les mer

Utstyrsbanken Bua Eid er ei utlånsordning for sports- og fritidsutstyr som er etablert ved LA-senteret på Langeland. Her kan alle låne utstyr heilt gratis!

Les mer

Siste fredag i månaden, frå klokka 13.00 til 15.30, vil ein ny forfattar frå Nordfjord presentere utgjevingane sine. Det vert sal av mat og kaffi.

Les mer

Under juletreet i AMFI Nordfjord kan kjende og ukjende legge frå seg julegåver til ein ukjend. AMFI Nordfjord og Nordfjordeid senter i samarbeid med Flyktningtenesta, Frivilligsentralen, NAV samt fleire andre, samlar inn julegåver til dei som ikkje får eller har moglegheit til å gi gåver til sine næraste. Gåvene vert gjeven til personar i Nordfjord.

Les mer

Er du ny i Norge eller har du lyst til å treffe nye folk? Kom til oss! Det vert internasjonal kafe kvar torsdag kl.18.00 – 20.00 på Kringla Eid Frivilligsentral. Dette blir samtidig en mulighet til kulturell og sosial utveksling. Alle er velkomen!

Les mer

Onsdagar frå kl 13.30 til klokka 15.15 samlast norske damer og innvandrardamer på Eid Frivilligsentral, Kringla.

Les mer

Kvar torsdag i skuleåret har 9. klasse på Eid Ungdomsskule kafe på fellesarealet på Elvebøen omsorgsbustader. Kafestart kl. 11.30. Alle som bur på Elvebøen, og tilreisande gjester er velkomne til å melde seg på og vere med.

Les mer

No kan du få kjøpe dei populære tennbrikkettane frå Vernepleietenesta sin produksjon på LA-senteret her på Kringla Eid Frivilligsentral. Kr. 25,- pr. pakke. Vi tek også imot lysstumpar som vert nytta i produksjonen. Kom innom i opningstida for ein hyggjeleg handel eller for å levere innsamla lysstumpar.

Les mer

Eid Frivilligsentral og MNT jobbar med å merke, skilte og få opp informasjonstavler til fleire nærturar og fjellturar i Eid.

Les mer

9 mil kvar dag 365 dagar i året, bringer denne gjengen varm middag ut til abonnentar.

Les mer

Om oss

Ta kontakt eller kom innom for en prat om hva vi kan gjere for deg og hva du kan gjere for andre.

2018 © Eid frivilligsentral