Bli med som frivillig på tur til Lynghaughornet eller Naustdalkamben torsdag 22. juni

Opplæring- og integreringstenesta i Stad kommune lurer på om der er nokre frivillige som har lyst til å vere med på tur i morgon 22. juni anten til Lynghaughornet på Flatraket eller på Naustdalkamben mellom Haugen og Stårheim. Interesserte kan melde seg ved å sende SMS til Gro Iren på tlf. 45601266. Bli med då vel!

Oppmøte for turen til Lyngshaughornet er ved Jokerbutikken på Flatraket kl. 09.30.

Oppmøte for tulren til Naustdalkamben er på Reset mellom Remmedalen og Hjelmelandsdalen kl. 09.20.

Møt kjekke nye folk på flotte turar i den alle finaste naturen. Meld deg som frivillig til Gro Iren i dag på tlf. 45601266.

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral