-
Nye Eid Frivilligsentral og Stad bibliotek - hovudbiblioteket tek form. Oppdatering flyttesjau del 2
Vi er komne til veke 44. Dei to siste vekene har det skjedd utrulig mykje i biblioteklokala i Sophus Lie vegen 3. Mange bøker er kassert, hyllene er flytta saman på fremste delen av lokala. Denne veka er biblioteket stengt tysdag 28/10 og held elles ope til vanlege tider. Mange veggar har allereie skifta farge. Aktivitetsrommet til Eid Frivilligsentral og den nye lesesalen var dei to første romma som vart måla ferdig.
Bli med på Fjordane Friluftsråd sin Friluftsskule i sommar
Fjordane Friluftsråd arrangerar Friluftsskulen som er eit aktivitetsopplegg for born og unge i alderen 9-13 år. Vi har ein flott kystnatur, og Fjordane Friluftsråd vil inspirere til at born og unge kan få eit nært og godt forhold til naturen. Gjennom ulike aktiviteter, ferdsel og opplevingar ynskjer dei å gje born og unge ei forståing av naturen sin eigenart og tålegrenser.Tidsmessige og praktiske rammer: Friluftsskulen er eit dagstilbod for born og unge i kommunen og vil foregå i ulike naturmiljø. Friluftsskulen har gjennomgåande tre hovudtema: rettar og pliktar som er nedfelt i allemannsretten. Vidare er det lagt vekt på kunnskap om orientering og bruk av kart og kompass på land og på sjøen, og korleis ein finn, lagar og ter seg på ein raste- og leirplass.
Første Friluftsskule i Stad kommune startar allereie 23. juni. Les meir om Friluftsskulane her
Del på:
-
Flytting av Eid Frivilligsentral - statusoppdatering
Frå 01.01.2026 vil Eid Frivilligsentral og alle dei aktivitetane som tidlegare har vore på Kringla og Møteplassen i Eidsgata 9 verte å finne saman med Stad Bibliotek i Sophus Lie - vegen 3 (Operahuset Nordfjord). Allereie no har Eid Frivilligsentral fast kontordag der tysdag og torsdag, og du er hjerteleg velkomen innom både der og i Eidsgata 9 dei andre vekedagane. I denne nyhendesaka kan du følgje arenautviklingsprosjektet og ommøbleringa i biblioteket steg for steg framover til eit spennande formidlings og aktivitetslokale med stort potensiale!
-
Nytt og nyttig for frivillige i Stad - Nyhendebrev nr. 4/2025
Nyhendebrev nr. 4/2025 - Nytt og nyttig for frivillige i Stad er sendt ut til lag og organisasjonar i Stad 09.10. Gjennom Stad Foreningsportal.
-
Det er liv og røre på Eid Frivilligsentral frå føremiddag til kveld - Dette skjer i veke 41
Kvar dag utanom søndag vil det vere aktivitet på Kringla - Eid Frivilligsentral og Møteplassen her i Eidsgata 9. Vi minner om at flytting av aktivitetar til biblioteket i Operahuset Nordfjord ikkje skjer før i 2026. Velkomne til å bli med på superkjekke aktivitetar. I tillegg til dei vi omtaler her, så har frivillige lag og organisasjonar mange kjekke aktivitetar rundt om i heile kommunen.
-
Lær deg å bruke Stad Foreningsportal og Tilskuddsportalen - book eit minikurs når det passar for deg!
Dette er eit tilbod til alle frivillige organisasjonar som føler dei treng litt hjelpe til å kome igang med å marknadsføre seg på Stad Foreningsportal og/eller treng hjelp til å bruke Tilskuddsportalen. Ta kontakt med Eid Frivilligsentral og book eit lite minikurs i foreningsportal/tilskuddsportal. Vi avtaler tid og stad som passar deg. Det er sjølvsagt heilt gratis. Kontakt Frivilligsentralen på tlf. 41460042, eller på epost: post@eid.frivilligsentral.no .