Frivillige organisasjonar kan no søke om momskompensasjon på varer og tenester

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele i overkant av 2 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2023. Denne ordninga skal fremje frivillig aktivitet, gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar hat hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Det er ope for søknader og søknadsfristen er 1. september.

Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret kan søke på ordninga.

Frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda som det søkast om kompensasjon for. Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrerte i Frivilligregisteret innan 1. september 2023. Dette gjeld også dei som søker via sitt sentralledd. Hugs at registrering kan ta litt tid. 

Merk: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for meir informasjon.

Det kan søkast etter to modellar: Forenkla modell og dokumentert modell. Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er 100 000 kr i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for underledd. 

De finn informasjon om ordninga og søknadsskjema på nettsida vår: 

Momskompensasjon på varer og tjenester - Lottstift. Her ligg også informasjon om oppdateringar de må vite om i 2023.

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral