Gratis busstur til Selje Prestegard for heimebuande eldre 8/7

Frivilligsentralen i samhandling med Eid Røde Kors Omsorg og Orheim Turbuss inviterer heimebuande eldre til gratis dagstur til Selje prestegard, torsdag 08.07.21. Påmelding innan 07.07. kl. 12.00 til Frivilligsentralen v/ Astrid Grete Torheim 41460042. Avreise frå Eid Idrettshus kl. 10.00. Dersom nokon ynskjer å gå på bussen t.d. på Haugen/ Stårheim/ Kjølsdalen/ Bryggja så må det avtalast tidspunkt og stad for henting nær RV15. Retur til Nordfjordeid ca. kl. 16.00

Det vert:
Gratis lunsj på Selje prestegard
Kulturinnslag
Høve til å sjå St. Sunnivautstillinga på kommunehuset i Selje
Høve til å spasere på Seljesanden
Det er 20 tilgjengelege plassar, og påmelding skjer med «første mann til mølla prinsipp» og fortløpande til
Frivilligsentralen v/  Astrid Grete Torheim (astrid.grete.torheim@stad.kommune.no / mobil 41460042) innan 07.07.21 kl. 12.00.





Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral