Ane Barmen til FredagsForfattar 25. oktober

Fredag 25 oktober er det vågsøyværingen Ane Barmen som er FredagsForfattar på Kringla Eid Frivilligsentral. Ane Barmen er høgaktuell med sin første roman "Draumar betyr ingen ting". Boka kom ut tidlegare i haust på Gyldendal forlag, og er blitt svært godt motteken. I desse dagar deltek forfattaren på den store bokmessa i Frankfurt.

Ane Barmen er 34 år, opprinneleg frå Vågsøy men no busett i Oslo. Ho er skribent og skodespelar. Dei siste åra har det vore mykje skodespel og innlesing av lydbøker som har prega arbeidskvardagen. Men no har ho gitt ut debyromanen sin, og vi gledar oss stort til å høyre om korleis denne kritikarroste romanen har blitt til.

Arrangørane Eid Folkeakademi og Eid Frivilligsentral ønskjer alle vel møtt til ein triveleg, spennande og lærerig helgestart på Kringla Eid Frivilligsentral. Som vanleg vert det sal av kaffi og kake og lynlotteri.

Dersom de har lyst å lese meir om Ane Barmen, så finn de ein spennande artikkel om henne på nettstaden framtida.no:
Bokdebutant Ane Barmen om å vere 17 år og kjenne seg åleine i sorg

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral