11.00 - 12.30: SeniorUni - «Diagnose: Kvinne – Kvifor kvinnehelse framleis blir oversett i medisinen» med Liv Bjørnhaug Johansen
Aktivitetsrom - Sophus Lie vegen 3
Liv Bjørnhaug Johansen forklarer kvifor kvinner si helse framleis blir undervurdert og feildiagnostisert. I Diagnose: Kvinne viser ho korleis medisinen i stor grad er basert på mannskroppen, og kva konsekvensar dette har for behandlinga og livskvaliteten til kvinner i dag. Eit tankevekkjande og aktuelt foredrag om kvinnehelse, forsking og korleis vi kan skape ei meir rettferdig helseteneste for alle.