Dette skjer på Eid Frivilligsentral i veke 14

Kvar veke lagar vi ein liten oversikt over kva som rører seg på Eid Frivilligsentral. Denne veka har dagleg leiar studieveke og er kun tilgjengeleg på epost og sms. Men ta gjerne kontakt der! Her er oversikten over aktivitetar i veke 14.

Måndag 01.04.2024
2. påskedag og fridag

Tysdag 02.04.2024
kl. 11.00 - 14.00 Tysdagskafè (Kringla) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 11.00 - 12.00 Sterk og stødig - trimgruppe (Møteplassen) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 18.00 - 22.00 Møteplassen (Møteplassen) arr. Stad kommune - opplæring og integrering
kl. 18.30 - 19.30 Møte - Nordfjordeid Rotary klubb (Kringla) 

Onsdag 03.04.2024
kl. 11.00 - 14.00 Datastove (Kringla) arr. Eid Datastove
kl. 09.30 - 14.00 Møte Fagforbundet (Møteplassen) arr. Fagforbundet Stad
kl. 18.00 Medlemsmøte i Eid Røde Kors Omsorg (Kringla) arr. Eid Røde Kors omsorg.

Torsdag 04.03.2024
kl. 12.00 Seniornett - surfekafè Tema: Skatteetaten (Kringla) arr. Seniornett Eid
kl. 18.00 - 20.00 Internasjonal Møteplass (Kringla) arr. Eid Røde Kors - omsorg
kl. 18.00 Årsmøte i Stad Demensforening (Møteplassen) arr. Stad Demensforening.

Fredag 05.04.2024
kl. 12.00 SeniorQuiz (Kringla)

Laurdag 06.04.2024
kl. 11.00 - 14.00 Laurdagskafè (Kringla) arr. Eid Røde Kors omsorg

I tillegg til alle møteplassane har vi middagskøyrarar ute i teneste på to ruter kvar dag (ei rute laurdag). Frivilligsentralen sitt kontor er stengt denne veka pga. studieveke, men ta gjerne kontakt på epost og sms så svarar vi så snart vi kan.

Vi minner om kurs i  oppdatering av Stad Foreningsportal i neste veke (torsdag 11/4 kl.18.00-19.00). Elles blir det mange kjekke småting innimellom. 

Velkomne innom!

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral