Dette skjer på Eid Frivilligsentral i veke 13 (påskeveka)

Kvar veke prøver vi å lage ein liten oversikt over kva som rører seg på Eid Frivilligsentral. Veke 13 vert ei veldig stille veke sidan det er mange fridagar. Denne oversikten gjeld også palmehelga(som eigentleg er veke 12) og 2. påskedag 1/4 (veke 14).

Laurdag (palmelaurdag) 23.03.2024
kl. 11.00 - 14.00 Laurdagskafè (Kringla) arr. Eid Røde Kors omsorg

Tysdag 26.03.2024
kl. 11.00 - 12.00 Sterk og stødig - trimgruppe (Møteplassen) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 18.00 - 22.00 Møteplassen (Møteplassen) arr. Stad kommune - opplæring og integrering

Alle dei andre faste møteplassane her på huset tek påskeferie denne veka. Middagskøyrarane tek ikkje påskeferie. Dei er ute på to ruter kvar dag (ei rute laurdag). Det er ikkje folk på kontoret til Eid Frivilligsentral måndag, tysdag og onsdag, men Astrid er tilgjengeleg på telefon, epost og sms desse tre dagane. 

God påske til alle!

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral