Fyller du 75 år i 2024? Kjenner du nokon som fyller 75 i år? Sjå her!!!

Då er du evt. den du kjenner velkomen til Stad kommune sin temadag! Det er viktig å planlegge alderdomen for å kunne bu heime lengst mogleg, ha god helse og eit godt liv. Difor inviterer fysio- og ergoterapitenesta til temadag i Operahuset. Det blir foredrag ved fysio- og ergoterapeutar, samt personale frå brann og Frivilligsentralen. Påmelding innan 3. april (sjå informasjon nedanfor)

Tema for dagen

• Aldersvenleg bustad
• Velferdsteknologi og digital heimeoppfølging
• Syn- og hørselshjelpemiddel
• Branntryggleik
• Fysisk aktivitet
• Frivilligsentralen

I pausene blir det mogleg å kjøpe seg mat i kantina på Eid VGS. Det er begrensa antal plassar. Fyrste mann til mølla!

Hjarteleg velkomen - ta gjerne med ein venn!

Påmelding
Frist for påmelding 3. april

Mari Øyen Hafsås, fysioterapeut,
tlf. 918 29 948,
e-post: mari.oyen.hafsas@stad.kommune.no

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral