Velukka frivilligkveld

Det var god stemning, varierte inspirasjonsinnlegg og mange gode spørsmål og innspel på dialogmøte mellom frivilligheita og kommunen.Nesten 100 personar frå frivillige lag og organisasjonar, tilsette og politikarar i Stad kommune var samla i det flotte Grendahuset på Bryggja.

Kvelden starta med nydeleg mat frå Bakeriet, og fin underhaldning frå Bryggja skulekorps og elev frå Stad kulturskule.

Vidare vart vi inspirert av innlegg frå Selje sanitetsforeinig om oppstart av butikken Brukt og Brukande, LHL med si gode og landvarige satsing på yoga og trim tilpassa for godt vaksne, Hjelle utviklingslag med det spenstige Pumptrack prosjektet og Eid IL Handball gruppa sitt gode arbeid om å få alle med.
Deretter var det over i instenst gruppearbeid der ein har fått inn vanvittig mange og gode innspel på utfordringar, ynskjer og mulige samarbeidsprosjekt. Avslutta med ei spørsmål runde.

Alle innspela vil bli lagt ut her når dei er klar.

Ein del informasjon frå kommunen og frivillige vart lagt fram, men ein fekk kanskje lita tid å sjå på det.
Legg derfor med nokre lenker nedst på sida her der ein kan oppsøke ein del av dette sjølv.
Elles kan ein alltids ta ein telefon til frivillig sentralane eller sentralbordet til Stad kommune.

Denne frivilligkvelden var eit av dei to årlege faste treffa Stad kommune skal arrangere årleg for og med frivilligheita.
Neste ut er Innbyggjartreffet 26.august. Her blir det først eit spennande foredrag og deretter stand og moglegheit for alle lag og org. å vise seg fram, rekruttere og snakke saman seg i mellom og med innbyggjarar m. fl.

Det å vete om kvarandre var eit innspel /behov som ofte dukkar opp. Bruk www.stad.foreningsportal.no aktivt!
Lurer du på kvar du kan søkje pengar? www.tilskuddsportalen.no 
Låne gratis fritids/aktivitetsutstyr: www.bua.no 
Ver med å bidra til ny helse og omsorgsplan? Les meir HER
Vete meir om korleis du kan bruke frivilligsentralane som ein resurs og elles våre aktivitetar og tilbod?
Følg våre nettsider og facebooksider. Sjå meir info Infoskriv ståande Frivilligsentralen mars 2023
www.hjartestad.no , www.stad.kommune.no 
Oppfordra og til å like og følgje dei flotte sidene til frivilligheita.
Gjerne hjelpe å dele innlegg og info:)

Sjå bilde frå  den kjekke kvelden:



 



Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral