God jul og Godt Nytt år frå Eid Frivilligsentral

Då tek Eid Frivilligsentral juleferie og ønskjer alle velkomne tilbake anten som frivillige eller som deltakarar på dei mange møteplassane vi har her i EIdsgata 9.

Det har vore ein fantastisk desember månad med mange hjelpande hender, fantastiske samarbeid med frivillige organisasjonar og kommunale avdelingar og stor givarglede frå privatpersonar, bedrifter og organisasjonar til dei 4 store juleprosjekta vi har hatt gåande her på Frivilligsentralen. Tusen takk til alle som på ein eller annan måte har gjort ein innsats, og tusen takk til alle frivillige som gjer ein jamn innsats for oss heile året.

Med dette vil vi ønskje alle og ein kvar

GOD JUL og 

Godt Nytt år!

Første store sprell i 2024 er Frivilligkvelden, onsdag 24. janiar kl. 17.30 på Bryggja Samfunnshus! Det blir veldig, veldig spennande!


Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral