Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

Det skal i perioden 13. november - 26. november gjennomførast ei kartlegging av alle frivillige organisasjonar i Stad kommune. Kontaktpersonar for lag og organisasjonar i Stad kommune vil i forkant av denne bli kontakta av Eid eller Selje frivilligsentral der ein vil få meir informasjon om kartlegginga og kvifor det er viktig å få høg svarprosent på den.

I telefonsamtala ynskjer å få gitt ein kort informasjon om kartleggingsundersøkinga og oppfordre om å delta slik at vi får ei oppdatert og grundig oversikt over korleis frivilligheita i Stad kommune har det. Det er også ein fin anledning til å bli betre kjent og dele nyttig informasjon og stille spørsmål om ein har.

Det er Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll som på oppdrag frå Stad kommune skal gjennomføre sjølve kartlegginga.
Kontaktpersonar for laget vil få epost med nokre spørsmål ein skal besvare. Spørsmåla dreiar seg om kva vi har av lag og foreiningar: I tillegg vil spørsmåla omhandletema som rekrutering, samarbeid, økonomi, lokale, mål og hindringar. Spørjeskjema vil ta ca. 20-25 min å fylle ut.
Kartlegginga vil skje frå 13. november - 26. november.

Dersom organisasjonar har spørsmål eller treng hjelp til utfyllinga vil Frivilligsentralane vere tilgjengelege på telefon og epost i heile denne perioden for å kunne bistå.

Kartlegginga vil munne ut i en rapport basert på organisasjonane sine svar og blir grunnlaget for vidare samarbeid om ny frivilligpolitikk frå 2024 .  

Det er og ein ypparleg sjanse for innbyggjarane, organisasjonane sjølve og kommunen å få betre oversikt over kva vi har og kva vi kan gjere i lag. Det vil også gjere det lettare å nå målet i Frivilligpolitisk plattform om at det skal vere enkelt å vere frivillig i Stad.

Det å delta på kartlegginga er såleis meget viktig for lokal frivilligheit og lokalsamfunnet vårt.

Oversikta over lokale lag og organisasjonar og deira kontaktpersonar er henta ut i frå Brønnøysundregisteret og frå Stad foreningsportal.

Vi oppfordrar alle om å halde den informasjonen oppdatert og/eller ta kontakt med frivilligsentralen ved spørsmål eller informasjon.

Stad Foreningsportal finn du her: https://stad.foreningsportal.no/foreninger

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral