Kan du bidra? Treng du hjelp?
Her kan du varsle Frivilligsentralen om du kan bidra som frivillig eller treng hjelp. Når du har sendt inn info, tek vi kontakt så snart vi kan.
Nytt frå Eid Frivilligsentral
Kva skjer
Dato | Kl. | Tittel | Sted |
---|---|---|---|
Tir 09.09 | 10:00 | Sterk og stødig Nordfjordeid - gruppe 1 | Møteplassen Eidsgata 9 |
Tir 09.09 | 11:00 | Tysdagskafè på Kringla - Eid Frivilligsentral | Kringla Eid Frivilligsentral - Eidsgata 9 |
Tir 09.09 | 11:30 | Sterk og stødig Nordfjordeid - gruppe 2 | Møteplassen Eidsgata 9 |
Fre 12.09 | 12:00 | SeniorQuiz | Kringla Eid Frivilligsentral - Eidsgata 9 |
Tir 16.09 | 10:00 | Sterk og stødig Nordfjordeid - gruppe 1 | Møteplassen Eidsgata 9 |

Finn frivillige organisasjonar og aktivitet på Stad Foreningsportal
Aktivitetar
Nattevandrarane på Nordfjordeid er eit Stopp Volden-prosjekt. Edru vaksne i alle aldrar bruker 3 timar så mange kveldar ein sjølv ønskjer for å vere tilgjengeleg for ungdom som held seg i sentrum og omegn på kvelden/natta. Det er ein kjekk og sosial tur i lag med andre vaksne i Nordfjordeid sentrum. De vert kjende med ungsomsmiljøet på Nordfjordeid. Det er trygt for ungdomane å vite at Nattevandrarane er ute. De ferdast der ungdomane er og de er ute for at dei skal føle seg trygge. Trykk på hjerte på den/dei dato(ane) du vil gå, og du har meldt deg til vakt.
Les merSommarmøteplassen 2025 i Eidsgata 9 er sommaropen ungdomskafè drive av sommarhjelper (14-20 år) og støtta av Gjensidigestiftelsen. Sommarmøteplassen 2025 driftar også SommarBUA Eid frå midten/slutten av veke 27 til slutten av veke 32. Sommarmøteplassen 2025 er open kvar dag måndag til fredag frå veke 27 til og med veke 32!
Les merNår ein er ny på ein stad er det fint å ha kontakt med lokale som kjenner plassen, muligheitane, språket og kulturen. Det er igjennom møte med andre mennesker og deltaking i aktivitet ein blir inkludert og kan trivast. Her kan du melde deg både som Stadven- frivillig inkluderingskontakt, og melde i frå om du har behov for ein Stadven. Det er spesielt stort behov for dette tiltaket no som Stad kommune får mange nye flyktningar. Her vil det også bli behov for frivillige til ulike praktiske oppgåver. (foto: Sigve Rasmussen)
Les mer9 mil kvar dag 365 dagar i året, bringer denne gjengen varm middag ut til abonnentar.
Les merTreng du hjelp til mindre praktiske gjeremål iheimen. Då kan du kontakte Frivilligsentralen på nett eller på tlf. 41460042, så skal vi prøve å hjelpe. Eid Frivilligsentral treng også fleire frivillige til å hjelpe til med slike småoppdrag. Bur du i indre deler av Stad kommune (frå Bryggja og austover) så ta kontakt.
Les merTreng du å trene balanse og styrke? - Bli med på treningsgruppe for seniorar "Sterk og stødig" er grupper med balanse- og styrketrening tilpassa seniorar, og er for deg som er over 65 år og heimebuande. Du må vere i stand til å gå utan hjelpemiddel innandørs, men kan erfare endring i bevegelsesfunksjon og vere ustø i enkelte situasjonar. Er du usikker på om du er i målgruppa? - Kontakt fysio- og ergoterapitenesta i Stad kommune. ( Tlf.: 578 85 800) Sjå meir info og kontaktperson:
Les merStrikkegruppa/fleirkulturell damegruppe er eit lavterskeltilbod for framandspråklege kvinner, kor vi møtest, snakkar norsk, lærer handarbeid og byggjer eit sosialt nettverk. Kvar måndag på Eid Frivilligsentral i Eidsgata 9 kl. 13.45 - 15.15. Bli med du også!
Les merBUA Eid har gratis utlån av utstyr til aktivitet og friluftsliv for privatpersonar, barnehagar, skular, lag, organisasjonar og besøkjande i Stad kommune.BUA står for barn og unge i aktivitet. Hovudmålgruppa er barn og unge, men familiar og vaksne/eldre kan også nytte seg av dette tilbodet. BUA EID har utstyr til både land- og sjøaktivitetar; til overnatting, fjelltur, sykling, padling, leik og moro! BUA EID held til ved LA-bygget på Langeland.
Les merServiceskyssen er eit dør- til- dør transporttilbod som kan nyttast av ALLE. Serviceskyssen kostar 30 kr kvar veg. Alle som reiser med serviceskyssen må tinge plass kvelden før. Rutenene startar ca. kl 10.00 med retur kl 13.00. Ruter kvar tysdag og laurdag. Tinging av skyss og ruteinformasjon : EID TAXISENTRAL tlf 57860809. Serviceskyssen er eit samarbeid mellom Vestland Fylkeskommune, Skyss, Stad kommune og Eid Taxisentral.
Les merEr det ei nettside du treng hjelp til å finne fram på? Noko rart som dukkar opp på mobilen din? Ein app du vil lære eller installere? Finne ut kvar ting er lagra? Dele bilete frå mobil til Facebook? Måndagar mellom kl. 11:30-14:30 kan du kome innom Eid Frivilligsentralfor å få hjelp med nettbrett, mobil, Mac eller Windows-PC.
Les merKan du litt data frå før, og vil lære meir, anbefalar vi Datakafeane til Seniornett Eid, kvar torsdag på Kringla - Eid Frivilligsentral frå kl. 11.30 - kl. 15.00. Her vert det temaøkter, felles lunsj og muligheit for individuell hjelp på slutten av økta. Seniornett Eid er ein eigen organisasjon tilslutta Seniornett Norge. Vi tilrår difor at eldre databrukarar melder seg inn der. Det er eit medlemskap som kan gi deg mykje att for pengane.
Les merEr du senior og treng opplæring i bruk av smarttelefon, nettbrett eller PC, så meld deg på Eid Datastove! Påmelding til Åsmund Kyrkjeide tlf. 905 84 220 eller Astrid på Eid Frivilligsentral tlf. 41460042.
Les mer