Dette skjer på Eid Frivilligsentral i veke 15

Kvar veke lagar vi ein liten oversikt over kva som rører seg på Eid Frivilligsentral. Tysdag har dagleg leiar arbeidsdag i Selje og torsdag deltek vi på temadag for 75 åringar i Operahuset Nordfjord. Her er oversikten over aktivitetar i veke 15.

Måndag 08.04.2024
kl. 13.45 - 15.15 Fleirkulturell damegruppe - strikkegruppa (Kringla) arr. Eid Frivilligsentral

Tysdag 09.04.2024
kl. 11.00 - 14.00 Tysdagskafè (Kringla) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 11.00 - 12.00 Sterk og stødig - trimgruppe (Møteplassen) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 18.00 - 22.00 Møteplassen (Møteplassen) arr. Stad kommune - opplæring og integrering
kl. 18.30 - 19.30 Møte - Nordfjordeid Rotary klubb (Kringla) 

Onsdag 10.04.2024
kl. 11.00 - 14.00 Datastove (Kringla) arr. Eid Datastove
kl. 18.00 Møte - Nordfjordeid sanitetesforening (Møteplassen) arr. Nordfjordeid sanitetsforening

Torsdag 11.04.2024
kl. 11.00 - 13.00 Temaplan - Klima. Ope Sei di meining kontor! (Møteplassen) arr. Stad kommune.
kl. 11.00 Eid og Selje Frivilligsentralar deltek på temadag for 75 åringar i Operahuset Nordfjord.
kl. 12.00 Seniornett - surfekafè med tema; Foto- lagre, finne att og dele (Kringla) arr. Seniornett Eid
kl. 18.00 - 20.00 Internasjonal Møteplass (Kringla) arr. Eid Røde Kors - omsorg
kl. 18.00 Kurs i oppdatering av Foreningsportalen (Møteplassen og digitalt på Teams) arr. Eid Frivilligsentral og Selje Frivilligsentral

Fredag 12.04.2024
kl. 12.00 SeniorQuiz (Kringla)
kl. 20.45 Base for Nattevandrarane (Kringla)

Laurdag 13.04.2024
kl. 11.00 - 14.00 Laurdagskafè (Kringla) arr. Eid Røde Kors omsorg

I tillegg til alle møteplassane har vi middagskøyrarar ute i teneste på to ruter kvar dag (ei rute laurdag). Vi minner om kurs i  oppdatering av Stad Foreningsportal (torsdag 11/4 kl.18.00-19.00). Elles blir det mange kjekke småting innimellom. 

Velkomne innom!

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral