Svar til dei som har søkt sommarhjelp jobbar kjem i veke 26

Ungdomane i Stad har virkelig lyst til å jobbe i sommar!!!! Vi fekk inn heile 74 søknader til dei 20 sommarhjelp-jobbane våre. No har vi gjort 2 ting. Vi har lest alle søknadane, og vi har prøvd å sjå om vi kan lage til nokre sommarhjelp-jobbar til. Det er årsaka til at det har teke litt lenger tid. Det blir tilsetting måndag eller tysdag i veke 26. I løpet av onsdag vil alle ha fått svar på søknaden sin.

Ved gjennomgang av søknadane er vi heilt overvelda over kor flinke ungdomane mellom 14 - 20 år er både å skrive CV og presentere seg sjølv. Vi vil ikkje ha jobb til alle, sjølv om vi gjerne kunne ønskje oss det, men til dei som ikkje får jobb: Ikkje gi dokke! Prøv igjen - du vil lukkast til slutt.

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral