-
Bli med på klebytedag!
Galyna Gokdere og Naturvernforbundet i Eid dreg igang klebytedag på Møteplassen her i Eidsgata 9 frå kl. 10.00 - 16.00 i morgon laurdag 27. april. Lever inn klede du ikkje lenger brukar og få deg noko fint nytt! Slik fungerer det:
Veke 7 på Eid Frivilligsentral
Det er måndag, og veke nr. 7 i 2019 er godt i gang. Det er mange kjekke aktivitetstilbod du kan vere med på her på Eid Frivilligsentral også denne veka.Bli med på tur (Indre Nordfjord Diabeteslag).Stad: Eksersisplassen. Tid: Måndag kl. 17.30 og torsdag kl. 10.00.
Tysdagskafèen til Eid Pensjonistlag.Stad: Eid Frivilligsentral. Tid: Tysdag kl. 11.00 - 14.00.
Årsmøte i Eid Pensjonistlag. Stad: Eid Frivilligsentral. Tid: Tysdag kl. 15.00
Medlemsmøte Nordfjordeid Rotary klubb. Stad: Eid Frivilligsentral. Tid: Tysdag kl. 18.30 - 19.30.
Fleirkulturell damegruppe/Strikkegruppa. Stad: Eid Frivilligsentral. Tid: Onsdag kl. 13.45 - 15.15.
Trim for alle. Stad: Eidahallen. Tid: Onsdag kl. (15.45) 16.00 - 17.00
Årsmøte i LHL Eid. Stad: Eid Frivilligsentral. Tid: Onsdag kl. 18.30
Torsdagskafè på Elvebøen. Stad: Fellesarealet på Elvebøen. Tid: Torsdag kl. 11.30 - 13.30.
Seniornett kurs -Microsoft Office (Seniornett Eid). Stad: Eid Frivilligsentral. Tid: Torsdag kl. 11.00 - 13.00
Seniornett årsmøte og surfekafè (Seniornett Eid). Stad: Eid Frivilligsentral. Tid: Torsdag kl. 13.00 - 15.00
Internasjonal kafè (Eid Røde kors omsorg). Stad: Eid Frivilligsentral. Tid: Torsdag kl. 18.00 - 20.00
Sittedans. Stad: Hogatunet bu- og behandlingssenter. Tid: Fredag kl. 10.30 - 11.00
Sittedans. Stad: Eid Eldretun. Tid: Fredag kl. 11.15 - 11.45
Laurdagskafè. (Eid Røde kors omsorg). Eid Frivilligsentral. Tid: Laurdag kl. 11.00 - 14.00.
I tillegg er middagskøyrarane ute på oppdrag kvar einaste dag. Denne veka sender vi søknad om midlar til Erasmus + Gruppeutveksling i juli. Får vi midlar vil vi vere vertskap for 24 unge vaksne deltakarar frå Spania, Litauen, Tyrkia og Noreg den første veka i juli. Det kan bli ei spennande sommarveke på Nordfjordeid. Vi jobbar også med årsavslutning og ein del andre småting.
Vi minner om at du kan låne gratis aktivitetsutstyr på BUA Eid. BUA har ope måndag - fredag. Meir informasjon her: https://www.bua.io/utlansordninger/bua-eid
Følg oss også på facebook https://www.facebook.com/eidfrivilligsentral/
Del på:
-
Nyhendebrev 1/2024 - Nytt og nyttig for frivillige i Stad
Her kan du lese nyhendebrevet "Nytt og nyttig for frivillige i Stad". Dette er første utgåva i 2024. Det kjem mellom 4 og 6 slike nyhendebrev i løpet av 2024. I nr. 1 les du om Frivilligkvelden på Bryggja, kartlegging av Frivilligheita i Stad, Kurs i bruk av Stad Foreningsportal, Tilskuddsportalen, og Tilskuddsportalen sin opplæringsvideoar i å skrive søknader.
-
SeniorQuiz på Kringla - Eid Frivilligsentral
Ny kjekk aktivitet på Kringla-Eid Frivilligsentral frå januar 2024. Kvar fredag skipar engasjerte eldsjeler til SeniorQuiz på Eid Frivilligsentral. Det startar presis kl. 12.00. Alle som kjem vert plasserte på eit lag. Ingen Quiz-ar åleine. Det vert servert kaffi og snacks. Dette er blitt ein superkjekk helgestart, og her er plass til mange fleire. Bli med du også. Arrangementet er gratis! Kom og bli med du også!
-
Vi mimrar litt tilbake til rett før jul
Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.
-
Frivillighetens dag 5. desember
I dag er det Frivilligdagen 5. desember. Dette er dagen for å takke alle frivillige for den innsatsen dei legg ned kvar einaste dag. TUSEN TUSEN TAKK!!! Ekstra kjekt for oss her i Stad er at flotte representantar frå frivilligheita i kommunen vår pryder gratulasjonsbannera som Norges Frivilligsentraler har laga til. Dette er bilete frå Klenkarberget sommarcamp og frå Frivilligfestivalen på Nordfjordeid i 2022.