Felles 8. mai-markering på Nordfjordeid

Stad, Stryn og Gloppen kommune inviterer saman med Eid Røde Kors til ei felles markering av Frigjeringsdagen, Veterandagen og Den Internasjonale Røde Kors-dagen 2021 på den gamle Eksersisplassen på Nordfjordeid (Malakoff).

- Vi vil spesielt invitere alle veteranar frå Forsvaret sine internasjonale operasjonar til markeringa, seier leiar i Nordfjordrådet og ordførar i Stad, Alfred Bjørlo. 

Arrangementet blir strøyma på nett, men det er også høve for dei som ønskjer det å møte opp fysisk på Eksersisplassen laurdag 8. mai kl 18. Det blir taler og kulturelle innslag, og det vil bli lagt ned blomar på minnesmerket "Sørgande Mor" til minne om falne frå Nordfjord i andre verdskrigen. Eid Musikklag og Eid
Ungdomskor deltek.

Her er lenka til livesendinga på Facebook: https://www.facebook.com/events/133542355470873?ref=newsfeed 


Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral