-
Bli med på klebytedag!
Galyna Gokdere og Naturvernforbundet i Eid dreg igang klebytedag på Møteplassen her i Eidsgata 9 frå kl. 10.00 - 16.00 i morgon laurdag 27. april. Lever inn klede du ikkje lenger brukar og få deg noko fint nytt! Slik fungerer det:
Er du eller ditt lag interessert i å starte opp treningsgruppe for seniorar?
Stad kommune søkjer etter lag, organisasjonar og andre frivillige som er interesserte i å etablere treningsgruppa Sterk og stødig. Vi tilbyr GRATIS instruktørkurs og oppstartstilskot på 5000, til nyetablerte grupper.Målgruppa for treninga er vaksne (65+) som opplev endringar i funksjon og balanse. Treninga gjennomførast ein gang i veka. Instruktørane vil få jamleg oppfølging av fysioterapeut. Vi håpar å kunne starte opp grupper i så mange bygdelag som mogleg.
Instruktørkurset består av 3 kursdagar som blir holdt på dagtid 18., 19. og 25. april.
Frist for påmelding er 11. april.
Stad: Bryggja omsorgssenter. Lunsj er inkl.
Ta kontakt med fysio og ergoterapitenesta i Stad kommune
v/fysioterapeut Emilie Nyheim
Tlf. 901 90 404
E post : emilie.nyheim@stad.kommune.no
Del på:
-
Nyhendebrev 1/2024 - Nytt og nyttig for frivillige i Stad
Her kan du lese nyhendebrevet "Nytt og nyttig for frivillige i Stad". Dette er første utgåva i 2024. Det kjem mellom 4 og 6 slike nyhendebrev i løpet av 2024. I nr. 1 les du om Frivilligkvelden på Bryggja, kartlegging av Frivilligheita i Stad, Kurs i bruk av Stad Foreningsportal, Tilskuddsportalen, og Tilskuddsportalen sin opplæringsvideoar i å skrive søknader.
-
SeniorQuiz på Kringla - Eid Frivilligsentral
Ny kjekk aktivitet på Kringla-Eid Frivilligsentral frå januar 2024. Kvar fredag skipar engasjerte eldsjeler til SeniorQuiz på Eid Frivilligsentral. Det startar presis kl. 12.00. Alle som kjem vert plasserte på eit lag. Ingen Quiz-ar åleine. Det vert servert kaffi og snacks. Dette er blitt ein superkjekk helgestart, og her er plass til mange fleire. Bli med du også. Arrangementet er gratis! Kom og bli med du også!
-
Vi mimrar litt tilbake til rett før jul
Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.
-
Frivillighetens dag 5. desember
I dag er det Frivilligdagen 5. desember. Dette er dagen for å takke alle frivillige for den innsatsen dei legg ned kvar einaste dag. TUSEN TUSEN TAKK!!! Ekstra kjekt for oss her i Stad er at flotte representantar frå frivilligheita i kommunen vår pryder gratulasjonsbannera som Norges Frivilligsentraler har laga til. Dette er bilete frå Klenkarberget sommarcamp og frå Frivilligfestivalen på Nordfjordeid i 2022.