Lær deg å skrive ein god CV!

Tysdag 23/5 og torsdag 1/6 kl. 18.00 - 19.00 tilbyr vi CV skrive kurs på TEAMS. Dette er ein del av prosjektet "Sommarhjelp for sommaraktivitet", men kurset er ope for alle som vil lære meir om å skrive ein god CV. Alle som søkjer på sommarhjelpjobbane må legge ved ein CV. Ein kan delta på kurset heima i frå eller komme å delta på kurs på Eid frivilligsentral - Eidsgata 9 eller Selje frivilligsentral - Nabben 80.

Vi tilbyr CV-kurs på TEAMS:

Tysdag 23/5 og torsdag 1/6
kl. 18.00 – 19.00.

Lenke til kursa finn du her:
KURSLENKE 23.mai 

KURSLENKE 1.juni

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral