Webinar for lag og organisasjonar 5. mai kl.: 18:00

I lys av den svært uvanlege situasjonen vi står oppe i, ønskjer Stad kommune å bidra med nyttig og praktisk informasjon for lag, organisasjonar og aktivitetstilbydarar innan frivilligheit, kultur og idrett. Vi inviterer til eit webinar der vi vil sjå nærare på: - gjeldande reglar og retningslinjer som påverkar dine aktivitetar. - tilskots- og kompensasjonsordningar. - alternative måtar å drive aktivitet på.

Webinaret er gratis og vil foregå som ei livesending på Stad kommune si Facebook-side.:
https://www.facebook.com/events/2317177991925267/  

Har du spørsmål du ynskjer svar på? Send dei gjerne i førekant til frivillighjelp@stad.kommune.no. Vi samlar opp og svarer undervegs i webinaret. Du kan og stille spørsmål undervegs i sendinga.

Agenda for møtet:
- Velkomen og praktisk informasjon v/ kultursjef Geir Holmen
- Kva har vi lov å gjere? Informasjon om gjeldande retningslinjer ved kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld
- Kva kan vi løyse saman? v/ ordførar Alfred Bjørlo
- Tilskots- og kompenasjonsordningar v/ Arild Vonheim
- Korleis organisere aktivitetane våre i koronatider? Frivilligsentralane presenterer gode eksempel frå Bygda Yogaskule, Eid Hagelag m.fl.

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral