Korleis er det å vere frivillig i Stad? Kartlegginga av frivilligheita i Stad er i full gang.

Målet i Stad kommune si frivilligpolitiske plattform er at det skal vere enkelt. Men er det slik? Kva må til for at vi saman skal nå dette målet? Måndag 13. november fikk alle frivillige organisasjonar i Stad kommune utsendt kartleggingsundersøkelse frå Frivillighet Norge. Sjekk om du /din organisasjon har fått e-posten frå Frivillighet Norge. Dersom det er organisasjonar som ikkje har fått den så ber vi alle om å sjekke mappe for søppelepost. Det kan vere at den ligg der. Dersom den ikkje ligg der, kontakt Eid eller Selje Frivilligsentral. No håpar vi at alle vil bruke 15-25 minutt og svare på undersøkinga. Svarfrist er 26. november. (foto: Olin Yri - Fjordabladet)

Svara frå frivilligheta er med å forme framtida. Nettopp ved å  fortelje kva som er bra, kva som er vanskeleg eller utfordrande og kome med å kome med idear og innspel på korleis det kan bli betre og enklare å vere frivillig i Stad.

Har ikkje ditt lag/ organisasjon fått e- post? Ta kontakt med Stad kommune  v/Eid Frivilligsentral tlf. 41460042 eller Selje Frivilligsentral tlf. 95869223.

Les meir om undersøkinga her:
Stad foreningsportal: Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

Les også fine innlegg i lokalavisene våre:
Fjordenes Tidende - Vil lage felles arena for å løfte fram frivilligheita

Fjordabladet: – Aldri blitt gjort i dette omfanget før 


Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral