Bli med på innbyggjartreff og ALLEMED-dugnad 3. sept!

Laurdag 3. september inviterer Stad kommune og Frivilligsentralane lag, org. og innbyggjarar til treff i Operahuset Nordfjord kl. 14.00 - 16.00! Bli kjende med frivillige lag og organisasjonar/fritidsaktivitetar i Stad, kakefest, gratis kino m.m. På føremiddagen same dag inviterer vi til ALLEMED-dugnad. Lag og organisasjonar som stiller med stand på innbyggjartreffet og som deltek på ALLEMED-dugnaden må melde seg på. Elles er det ope hus på Innbyggjartreffet!

Alle som vil vere med på ALLEMED-dugnaden og frivillige organisasjonar som vil stille med stand og aktivitetar på innbyggjartreffet melder seg på her.

Arrangementet er ein del av kommunen/frivilligsentralane sin aktivitetsplan under "Frivillighetens år 2022", og eit av tiltaka under Stad kommune si frivilligpolitiske plattform for 2021-2023. Formålet med arrangementet er å synleggjere og informere innbyggarane om mangfaldet av lag og org. i Stad kommune, bli betre kjend med kvarande på tvers av kommunen, bli kjend med kommunen sitt arbeid, tilbod og tenester. - Og ikkje minst gje nye og gamle innbyggjarar ein kjekk aktivitetsdag for små og store!

Eit viktig punkt på årets program er ALLEMED - ein tverrfagleg dugnad mellom kommune, frivillige, andre aktivitetstilbydarar, ungdom og foreldre der vi saman brukar dialogverktøyet ALLEMED for å skape diskusjon, bevisstgjering og å finne løysningar på korleis vi i fellesskap kan jobbe for å få alle barn og unge med i fritidsaktivitetar .

ALLEMED - dugnaden vert gjennomført i Operahuset Nordfjord laurdag 3. september kl. 10.00 - 12.30. Det vert servert lunsj (pizza) til alle som deltek!

Alle som vil vere med på ALLEMED-dugnaden og frivillige organisasjonar som vil stille med stand og aktivitetar på innbyggjartreffet melder seg på her.

Velkomne til ein lærerik, spennande og triveleg dag i Operahuset Nordfjord!


Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral