Eid Røde Kors treng frivillige turleiarar til Til topps 2023!

SJÅ HER ALLE SOM ER GLADE I Å GÅ PÅ TUR! Eid Røde Kors har heile 70 påmelde fleirkulturelle eidarar som skal vere med på fjellturen TIL TOPPS 2023- laurdag 17. juni. Det er heilt fantastisk respons!!!! No treng dei 10-15 frivillige som kan vere turleiarar. Avreise frå Nordfjordeid truleg i 8-9 tida om morgonen til Gloppen og aktiviteten varer heile dagen. I Gloppen går turen anten i Trivselskogen eller til toppen av fjellet Svinestranda som ligg 1074 meter over havet. Interesserte melder seg til: Svein Rune Myklebust tlf. 91593138 , epost: svein.rune@myklebust.net

Frivillige lagleiarar

Deltakarar på turen blir delt opp i lag med fire deltakarar og ein lagleiar. Lagleiarne er frivillige med erfaring med å gå i fjellet. Dei skal vere motivatorar og sikre at deltakarne føler seg ivaretekne og trygge, og har har det dei treng av utstyr, mat og drikke. Lagleiaren syt for at deltakarane får informasjonen dei treng og er budde til turen. På familierunden i Trivselskogen skal også frivillige bli med deltakerne, men det stilles mindre krav til tal deltakarar per lagleiar.

Oppgåvene til lagleiar:
Registrerer laget i sekretariat før avgang.
Halde turlaget samla under turen. 
Passe på at ingen i turlaget vert sende aleine ned til startpunktet dersom dei ikkje orkar å fullføre turen.
At turdeltakarar med hjarte-/lungesjukdommar, epilepsi eller sukkersjuke (diabetes) har med naudsynte medisinar. 
At alle deltakarane tek omsyn til naturen, og tek med boss attende. 
Registrere laget i sekretariat ved retur.  

Dette vert ein uforgløymeleg dag! Interesserte melder seg altså til: Svein Rune Myklebust tlf. 91593138 , epost: svein.rune@myklebust.net 

Meir informasjon om TIL TOPPS 2023 finn du her

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral