Dette skjer på Eid Frivilligsentral i veke 10

Kvar veke vil vi prøve å lage ein liten oversikt over kva som rører seg på Eid Frivilligsentral. Her er oversikten over veke 10.

Måndag 04.03.2024
kl. 13.45 - 15.15 Fleirkulturell damegruppe - strikkegruppa (Kringla) arr. Eid Frivilligsentral

Tysdag 05.03.2024
kl. 11.00 - 14.00 Tysdagskafè (Kringla) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 11.00 - 12.00 Sterk og stødig - trimgruppe (Møteplassen) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 18.00 - 22.00 Møteplassen (Møteplassen) arr. Stad kommune - opplæring og integrering
kl. 18.30 - 19.30 Møte - Nordfjordeid Rotary klubb (Kringla) 

Onsdag 06.03.2024
kl. 11.00 - 14.00 Datastove (Kringla) arr. Eid Datastove
kl. 18.00 Medlemsmøte Eid Røde Kors - omsorg (Kringla) arr. Eid Røde Kors omsorg

Torsdag 07.03.2024
kl. 12.00 Seniornett - surfekafè Tema: (Kringla) arr. Seniornett Eid
kl. 18.00 - 20.00 Internasjonal Møteplass (Kringla) arr. Eid Røde Kors - omsorg

Fredag 08.03.2024
kl. 11.30 Middagskøyrarmøte (Møteplassen) arr. Eid Frivilligsentral
kl. 12.00 SeniorQuiz (Kringla)

Laurdag 09.03.2024
kl. 11.00 - 14.00 Laurdagskafè (Kringla) arr. Eid Røde Kors omsorg

I tillegg til alle møteplassane har vi middagskøyrarar ute i teneste på to ruter kvar dag (ei rute laurdag). Vi minner om første kurs i oppdatering av Stad Foreningsportal (onsdag 13/3 kl.18.00-19.00). Nyhendebrev til lag og organisasjonar går ut tidleg denne veka. Og saman med Selje Frivilligsentral og mange avdelingar i Stad kommune startar vi detaljplanlegging av del 2 av prosjektet "Trim, kultur og måltidsfelleskap i Stad kommune" som vi no har midlar til å gjennomføre. Elles blir det mange kjekke småting innimellom. Det blir nok ei "travel-kjekke-veke" her på Eid Frivilligsentral. Velkomne innom!

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral