Bli med og hjelpe til på arrangement i Valhall tysdag 27. desember.

Jula er for mange av flyktningane ein periode der det ikkje skjer så mykje. Norske barn gledar seg veldig til desse dagane, medan nokre barn ikkje er så glad i desse vekene då det ikkje er skule som vanleg, og ein ikkje ser så mange av vennane sine. Vi arrangerer difor ein julefest for flyktningane i indre del av kommunen. Her treng vi hjelp til servering av risgraut, gang rundt juletre, kaker, kaffi og godt prat. Du kan vere med og ordne praktiske ting, eller berre sitte og prate med folk.

Oppmøte for frivillige kl. 16.00. Festen er frå kl. 17.00 - 19.30.

Har du lyst til å bli med å hjelpe til? Send SMS til 41460042 eller epost til post@eid.frivilligsentral.no . Ta kontakt innan 23. desember.


Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral