Dette skjer på Eid Frivilligsentral i veke 9

Kvar veke vil vi prøve å lage ein liten oversikt over kva som rører seg på Eid Frivilligsentral. Her er oversikten over veke 9.

Møteplassar:

Måndag 26.02.2024
kl. 13.45 - 15.15 Fleirkulturell damegruppe - strikkegruppa (Kringla) arr. Eid Frivilligsentral

Tysdag 27.02.2024
kl. 11.00 - 14.00 Tysdagskafè (Kringla) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 11.00 - 12.00 Sterk og stødig - trimgruppe (Møteplassen) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 12.15 Trivselsveke - Nordfjordeid skule (Møteplassen)
kl. 18.00 - 22.00 Møteplassen (Møteplassen) arr. Stad kommune - opplæring og integrering
kl. 18.30 - 19.30 Møte - Nordfjordeid Rotary klubb (Kringla) 

Onsdag 28.02.2024
kl. 11.00 - 14.00 Datastove (Kringla) arr. Eid Datastove

Torsdag 29.02.2024
kl. 12.00 Årsmøte Seniornett Eid (Kringla) arr. Seniornett Eid
kl. 12.15 Trivselsveke - Nordfjordeid skule (Møteplassen)
kl. 17.00 Årsmøte IRO Nordfjord (Møteplassen)
kl. 18.00 - 20.00 Internasjonal Møteplass (Kringla) arr. Eid Røde Kors - omsorg

Fredag 01.03.2024
kl. 12.00 SeniorQuiz (Kringla)
kl. 18.00 Årsmøte Nordfjord Motorhistoriske klubb (Kringla)  arr. Nordjford Motorhistoriske klubb

Laurdag 02.03.2024
kl. 11.00 - 14.00 Laurdagskafè (Kringla) arr. Eid Røde Kors omsorg

I tillegg til alle møteplassane har vi middagskøyrarar ute i teneste på to ruter kvar dag (ei rute laurdag). I samarbeid med Selje Frivilligsentral skriv vi søknad til Gjensidigestiftelsen om midlar til sommarmøteplass/sommarhjelpjobbar for ungdom (inkludert innspelsøkt med Stad Ungdomsråd måndag 26/2). Vi startar marknadsføringa av kurs i oppdatering av Stad Foreningsportal (13/3 eller 11/4 kl.18.00-19.00) og vi skal sende ut nyhendebrev til lag og organisasjonar i Stad - i tillegg til mange kjekke småting innimellom. Det blir nok ei "travel-kjekke-veke" her på Eid Frivilligsentral. Velkomne innom!

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral