Sei di meining om Stad kommune sin Temaplan for klima

Stad kommune er i gang med å utarbeide ein temaplan for klima. Arbeidet skal bidra til å løyse dei globale klimautfordingane ut frå eit lokalt perspektiv. Det blir difor utekontor/innspelskontor her i Eidsgata 9 torsdag 11/4 kl. 11.00 - 13.00 og onsdag 24/4 kl. 08.15 - 10.00 der du kan kome med dine innspel. Ta turen innom då vel!
Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral