Konsertforedrag fredag 10. februar 13:30

Arne Sølvberg og Håvard Svendsrud held konsertforedag om H.M Bolstad og andre Nordfjord-spelemenn. Det skjer på Eid Frivilligsentral i Eidsgata 9, fredag 10. februar kl. 13.30. Gratis adgang og enkel servering.

Musikarane Arne M. Sølvberg (feler) og Håvard Svendsrud (trekkspel) formidlar tradisjonsmusikk frå Nordfjord og Sunnmøre. I dette konsertforedraget spelar og fortel dei om dei kjende slåttane til P.M.Bolstad og andre Nordfjord-spelemenn.

Konserten er arrangert av Den kulturelle spaserstokken i Stad kommune.

Vel møtt!

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral