Dette skjer på Eid Frivilligsentral i veke 11

Kvar veke vil vi prøve å lage ein liten oversikt over kva som rører seg på Eid Frivilligsentral. Her er oversikten over veke 11.

Måndag 11.03.2024
kl. 13.45 - 15.15 Fleirkulturell damegruppe - strikkegruppa (Kringla) arr. Eid Frivilligsentral
kl. 18.00 Årsmøte i LHL Eid (Møteplassen) arr. LHL Eid

Tysdag 12.03.2024
kl. 11.00 - 14.00 Tysdagskafè (Kringla) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 11.00 - 12.00 Sterk og stødig - trimgruppe (Møteplassen) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 18.00 - 22.00 Møteplassen (Møteplassen) arr. Stad kommune - opplæring og integrering
kl. 18.30 - 19.30 Møte - Nordfjordeid Rotary klubb (Kringla) 

Onsdag 13.03.2024
kl. 10.00 - 15.00 Samling for Frivilligsentralane i Nordfjord. (Møteplassen). Vi deltek på fagdag og årsmøtet i Vestland Frivilligsentralar (digitalt)
kl. 11.00 - 14.00 Datastove (Kringla) arr. Eid Datastove

Torsdag 14.03.2024
kl. 12.00 Seniornett - surfekafè Tema: Teams (Kringla) arr. Seniornett Eid
kl. 18.00 - 20.00 Internasjonal Møteplass (Kringla) arr. Eid Røde Kors - omsorg

Fredag 15.03.2024
kl. 12.00 SeniorQuiz (Kringla)

Laurdag 16.03.2024
kl. 11.00 - 14.00 Laurdagskafè (Kringla) arr. Eid Røde Kors omsorg

I tillegg til alle møteplassane har vi middagskøyrarar ute i teneste på to ruter kvar dag (ei rute laurdag). Denne veka skal vi lage til ny turnus for middagskøyrarane i indre del av Stad kommune heilt fram til 30. juni (hurraa det er snart sommar :-) ).  Elles blir det mange kjekke småting innimellom. Måndag og tysdag er kontoret stengt, men Astrid svarer på epost og sms. Det blir nok ei "travel-kjekke-veke" her på Eid Frivilligsentral. Velkomne innom!

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral