-
BUA Eid
BUA Eid har gratis utlån av utstyr til aktivitet og friluftsliv for privatpersonar, barnehagar, skular, lag, organisasjonar og besøkjande i Stad kommune.BUA står for barn og unge i aktivitet. Hovudmålgruppa er barn og unge, men familiar og vaksne/eldre kan også nytte seg av dette tilbodet. BUA EID har utstyr til både land- og sjøaktivitetar; til overnatting, fjelltur, sykling, padling, leik og moro! BUA EID held til ved LA-bygget på Langeland.
Strikkegruppa/fleirkulturell damegruppe
Strikkegruppa/fleirkulturell damegruppe er eit lavterskeltilbod for framandspråklege kvinner, kor vi møtest, snakkar norsk, lærer handarbeid og byggjer eit sosialt nettverk. Kvar måndag på Eid Frivilligsentral i Eidsgata 9 kl. 13.45 - 15.15. Bli med du også!Kvar måndag samlast mellom 10 og 20 norske og framandspråklege kvinner frå 3-4 ulike verdsdelar til sosialt samvær.
Målet er å skape eit trygt sosialt forum for framandspråklege og norske kvinner der dei:
- lærer å snakke norsk-byggjer sosialt nettverk og opplever tilhøyring i eit dynamisk fellesskap-kan dele kvardagslege opplevingar og drøfte aktuelle saker i nærmiljøet.
Dette er eit fint "springbrett" til å delta i andre liknande aktivitetar som t.d. Språkvenn arrangert av Nordfjordeid Sanitetsforeing, Språkkafè arrangert av Eid Bibliotek og Internasjonal kafè arrangert av Eid Røde Kors omsorg.
Det er også ein kjekk plass der vi oppdaterer kvarandre om ting som skjer og aktivitetar vi kan bli med på i nærmiljøet.
Del på:
-
Datahjelp på Eid Frivilligsentral
Er det ei nettside du treng hjelp til å finne fram på? Noko rart som dukkar opp på mobilen din? Ein app du vil lære eller installere? Finne ut kvar ting er lagra? Dele bilete frå mobil til Facebook? Måndagar mellom kl. 11:30-14:30 kan du kome innom Eid Frivilligsentralfor å få hjelp med nettbrett, mobil, Mac eller Windows-PC.
-
Datakafè med Seniornett Eid
Kan du litt data frå før, og vil lære meir, anbefalar vi Datakafeane til Seniornett Eid, kvar torsdag på Kringla - Eid Frivilligsentral frå kl. 11.30 - kl. 15.00. Her vert det temaøkter, felles lunsj og muligheit for individuell hjelp på slutten av økta. Seniornett Eid er ein eigen organisasjon tilslutta Seniornett Norge. Vi tilrår difor at eldre databrukarar melder seg inn der. Det er eit medlemskap som kan gi deg mykje att for pengane.
-
Eid datastove
Er du senior og treng opplæring i bruk av smarttelefon, nettbrett eller PC, så meld deg på Eid Datastove! Påmelding til Åsmund Kyrkjeide tlf. 905 84 220 eller Astrid på Eid Frivilligsentral tlf. 41460042.
-
Hjelp ein sambygding/Praktisk hjelp
Treng du hjelp til mindre praktiske gjeremål iheimen. Då kan du kontakte Frivilligsentralen på nett eller på tlf. 41460042, så skal vi prøve å hjelpe. Eid Frivilligsentral treng også fleire frivillige til å hjelpe til med slike småoppdrag. Bur du i indre deler av Stad kommune (frå Bryggja og austover) så ta kontakt.