11.00 - 17.00: Sommarmøteplass for ungdom/SommarBUA
Eid Frivilligsentral arrangerer open møteplass for barn og unge i Eidsgata 9. Det skjer kvar dag måndag - fredag frå veke 27-32. Her blir det kjekke aktivitetar, snacks, konkurransar, filmkveldar, spel og mykje meir. Målgruppa er ungdom i alderen 13-20 år. Dei to første timane kvar dag er sommarmøteplassen også open for born i barneskulealder. Frå 4. juli driftar vi også SommarBUA Eid i Eidsgata 9.