GRATIS YOGA FOR 50 +

Frå veke 38 – 50 tilbyr frivilligsentralane gratis yoga for Godt vaksne. Instruktør er Gry Hansen v/ Bygda Yogaskule via whereby. To gangar i veka kan ein logge seg på og vere med frå kor som helst. Måndagar kl. 12.00 og torsdagar kl.: 16.30. Ein treng berre ein pc, nettbrett eller ein mobil. Måndagane kan ein komme på frivilligsentralane å gjere yoga saman med andre. Vi loggar på stormskjerm :) Vi har valgt å kalle målgruppa for godt vaksne for å ha ei litt rund «aldersgrense» Med godt vaksne tenkjer vi 50 +, men det er ingen som vil be om legitimasjon og sjekke alder. 😊 Og ein vil oppfordre yngre om å gjere yoga saman med besteforeldre eller andre. Les meir om tilbodet og få link til yogatimane og bruksanvsining til whereby. :

Potensiale for felles aktivitet
 Moglegheitene for deltaking er mange.
 Deltakarane kan sitte heime å logge seg på, frå besøk og ilag med ein venn/familie og ikkje minst kan ein nytte dette som ein felles aktivitet/tilbod på sjukeheimar/eldretun/aktivitetssenter m.m. Frivilligsentralane vil lage til hos oss nokre måndagar. Der vi invitera folk å komme for å gjere yoga ilag med Yogainstruktør på storskjerm. Og det er fritt fram for alle som ynskjer å lage til noko på din arbeidsplass/arena. Besøksvenna og andre kan vise og gjere yoga saman med sine bekjende;) Kvar yoga time har plass til 50 stk.12 av deltakarane blir synleg på skjerm. En vel sjølv om ein vil dele kamera eller ikkje.

Whereby
 er ein gratis, norskutvikla kommunikasjonsteneste med muligheit for deling av video, tekst, tale og skjerm. Konseptet består av at ein person oppretter chatterom og deler en lenke som inviterte deltakera kan bruke for å bli med. 

brukarveileiing til whereby finn du her: Brukerveiledning whereby - norsk
Men like enkelt kan vere å skrive inn nettsida og følje beskjedane du då får:) 

Bygda yoga skule har føljande lenke:
 https://whereby.com/bygda-yoga-skule 
Ein kan logge seg på frå pc, nettbrett eller mobil.
 
 Opplæring og hjelp (www.whereby.com)
 Frivilligsentralen kjem til å tilby hjelp til dei som ynskjer og treng i forhold til å lære seg det tekniske med å kunne delta online.
 Vi tilbyr hjelp over telefon, drop in og facetime.

Gjere yogasaman med andre? 
 Vi vil også legge til rette for at dei som vil, skal  kunne komme til frivilligsentralen og logge seg på og gjere yoga der.
 Dette blir kvar måndag kl. 12.
På Eid frivilligsentral og  Selje frivilligsentral (på møterommet i kommunehuset i Selje.)
Det kan vere greit og kanskje enklare å vere ilag med andre første gangane. Og då kan eg lettare logge seg på heimafrå aleine. 

Litt meir om Yoga:
 Yoga er trening for kropp og sinn.
Det kan også gjere at livet opplevast som meir balansert.
Du lærer teknikkar som kan hjelpe mot tankekøyr, det kan redusere stress og rett og slett være en veldig god måte å slappe av på.
Yoga hjelp deg med å utvikle en god pusteteknikk, skaper personleg utvikling, tonar musklane og gjer sjølvtillit, fleksibilitet og sunnheit.

Dette skal være et lavterskel tilbod med enkle yogaøvelsar som hjelp deg å være til stede her og no, og kan bidra til mindre grubling og bekymring.
 Gjennom yoga blir du mer bevisst din eigen kropp og tankane dine.
 I tillegg er det selskap i å vere aktive ilag og sjå kvarandre, sjølv om det er over nett.

God effekt for lunge og hjarte sjuke:
 
Gry bur i gamleskulen i Årvik og har yogastudioet sitt der.
 Ho har ulike yoga timar rundt om i kommunen for både nybegynnarar og meir erfarne.
 I 5 år har ho også hatt  yoga tilbod for hjarte og lunge sjuke.
 Fram til korona kom, var det rundt 10-12 deltagere.
Det vart veldig godt mottatt og deltakarane fortalte om god effekt.
Balanse, bevegeligheit og kroppsbevisstheit vart litt bedre for hver gang.
Yogatimane vart og ein viktig sosial møteplass.

Flere aktiviteter
2024 © Eid frivilligsentral