Sterk og stødig - trim

Trening her kvar tysdag framover frå kl. 11.00 - 12.00. Målgruppe 65+. Treninga er eit gratistilbod og foregår i sittande , ståande og gåande med fokus på balansetrening og styrke i beina. Sterk og stødig gruppe er for deg som er heimebuande og klarar deg godt i eigen heim. Du må vere i stand til å gå uten hjelpemiddel innandørs , men kan erfare endring i bevegelsesfunksjon og vere ustø i enkelte situasjonar. Arrangør av gruppa på Nordfjordeid er Eid Pensjonistlag.

Eid og Selje Frivilligsentral fekk i 2021 midlar til å utdanne instruktørar og få igang grupper så mange stader i Stad kommune som mulig. Praktisk gjennomføring er det Frivillige organisasjonar saman med Fysio- og ergoterapitenesta i Stad kommune, frisklivssentralane i Stad og dei nyutdanna frivillige instruktørane som står føre. 

Velkomne til eit skikkelig lavterskeltilbod midt i Eidsgata. 

Flere aktiviteter

GRATIS YOGA FOR 50 +

Frå veke 38 – 50 tilbyr frivilligsentralane gratis yoga for Godt vaksne. Instruktør er Gry Hansen v/ Bygda Yogaskule via whereby. To gangar i veka kan ein logge seg på og vere med frå kor som helst. Måndagar kl. 12.00 og torsdagar kl.: 16.30. Ein treng berre ein pc, nettbrett eller ein mobil. Måndagane kan ein komme på frivilligsentralane å gjere yoga saman med andre. Vi loggar på stormskjerm :) Vi har valgt å kalle målgruppa for godt vaksne for å ha ei litt rund «aldersgrense» Med godt vaksne tenkjer vi 50 +, men det er ingen som vil be om legitimasjon og sjekke alder. 😊 Og ein vil oppfordre yngre om å gjere yoga saman med besteforeldre eller andre. Les meir om tilbodet og få link til yogatimane og bruksanvsining til whereby. :

2024 © Eid frivilligsentral