TelefonVenn

Aktiviteten TelefonVenn er for alle som treng ein å snakke med eller vil gi ein annan ein god samtale på telefon. Tilltaket har som mål å motverke einsemd og skape tryggleik i nærmiljøet.

Aldersgruppe: For alle

Korleis vere ein TelefonVenn?
Du brukar din eigen telefon og ringer 1-3 personer som ønskjer ein telefonsamtale 1-2 gonger i veka.

Samtalen kan vare 5-20 minutt og går føre seg på ei tid begge er samde om. Samtalen skal primært vere om dagligdagse ting og ha fokus på det gode, det positive og det friske. Du som TelefonVenn er ingen terapeut, sjelesørger eller hjelpar utover å vere god å snakke med. Du har fokus på å lytte, stadfeste og henvise til andre instansar ved behov for meir enn ei god samtale.

TelefonVenn.no – der du bor er ei livssynsopen og inkluderande teneste der ein har respekt for den andre si tru og livssyn.  Ta kontakt med Eid Frivilligsentral for å få meir informasjon tlf. 41460042. Du kan også lese meir om TelefonVenn her: https://www.telefonvenn.no/ressurser

Korleis få ein TelefonVenn?
Då tek du kontakt med Eid Frivilligsentral på telefon 41460042, eller på epost: post@eid.frivilligsentral.no 

Flere aktiviteter
2025 © Eid frivilligsentral