BUA Eid

BUA Eid har gratis utlån av utstyr til aktivitet og friluftsliv for privatpersonar, barnehagar, skular, lag, organisasjonar og besøkjande i Stad kommune.BUA står for barn og unge i aktivitet. Hovudmålgruppa er barn og unge, men familiar og vaksne/eldre kan også nytte seg av dette tilbodet. BUA EID har utstyr til både land- og sjøaktivitetar; til overnatting, fjelltur, sykling, padling, leik og moro! BUA EID held til ved LA-bygget på Langeland.

Aldersgruppe: For alle

Alt utstyr vert desinfisert når vi får det tilbake til BUA!

Facebooksida til BUA Eid finn du her: https://www.facebook.com/BUAEid/

Oversikt over tilgjengeleg utstyr og oppdaterte opningstider finn du her: https://www.bua.io/utlansordninger/bua-eid


Utstyrsbanken Bua Eid er ei utlånsordning for sports- og fritidsutstyr som er etablert ved LA-senteret på Langeland. Her kan alle låne utstyr heilt gratis!

Har du lyst til å jobbe som frivillig for BUA Eid - så meld deg gjerne her på nettsida eller ta kontakt med Astrid på tlf. 41460042.

Flere aktiviteter

Nattevandrer 2024/2025

Nattevandrarane på Nordfjordeid er eit Stopp Volden-prosjekt. Edru vaksne i alle aldrar bruker 3 timar så mange kveldar ein sjølv ønskjer for å vere tilgjengeleg for ungdom som held seg i sentrum og omegn på kvelden/natta. Det er ein kjekk og sosial tur i lag med andre vaksne i Nordfjordeid sentrum. De vert kjende med ungsomsmiljøet på Nordfjordeid. Det er trygt for ungdomane å vite at Nattevandrarane er ute. De ferdast der ungdomane er og de er ute for at dei skal føle seg trygge. Trykk på hjerte på den/dei dato(ane) du vil gå, og du har meldt deg til vakt.

2025 © Eid frivilligsentral