Datahjelp på Eid Frivilligsentral

Er det ei nettside du treng hjelp til å finne fram på? Noko rart som dukkar opp på mobilen din?Ein app du vil lære eller installere? Finne ut kvar ting er lagra? Dele bilete frå mobil til Facebook? Måndagar mellom kl. 11:30-14:30 kan du kome innom Eid Frivilligsentralfor å få hjelp med nettbrett, mobil, Mac eller Windows-PC.

Gje beskjed om kva du treng hjelp til på førehand + tid det passar. Send SMS anten til Lill (934 72 828) eller Kevin (971 84 745), så er du sikker på at du slepp å vente på tur.

Flere aktiviteter

GRATIS YOGA FOR 50 +

Frå veke 38 – 50 tilbyr frivilligsentralane gratis yoga for Godt vaksne. Instruktør er Gry Hansen v/ Bygda Yogaskule via whereby. To gangar i veka kan ein logge seg på og vere med frå kor som helst. Måndagar kl. 12.00 og torsdagar kl.: 16.30. Ein treng berre ein pc, nettbrett eller ein mobil. Måndagane kan ein komme på frivilligsentralane å gjere yoga saman med andre. Vi loggar på stormskjerm :) Vi har valgt å kalle målgruppa for godt vaksne for å ha ei litt rund «aldersgrense» Med godt vaksne tenkjer vi 50 +, men det er ingen som vil be om legitimasjon og sjekke alder. 😊 Og ein vil oppfordre yngre om å gjere yoga saman med besteforeldre eller andre. Les meir om tilbodet og få link til yogatimane og bruksanvsining til whereby. :

2024 © Eid frivilligsentral