Handlehjelp

Treng du hjelp til handling og levering av matvarer? Sit du i karantene eller er i risikogruppe? Manglar du ein pårørande eller nokon i nærleiken som kan hjelpe deg? Då kan du nytte deg av dette tilbodet. - Merk at nokre butikkar har eigne tenester, medan andre samarbeider med frivilligsentralane i Eid og Selje.

Aldersgruppe: For alle

Alle som er involverte i tenestene skal praktisere streng handhygiene og halde avstand til kunden.

Tenesta gjennom frivilligsentralen fungerer slik:


1.    Bestilling og koordinering av frivillige skjer via Selje og Eid frivilligsentral
2.    Dei frivillige får oppdrag/bestilling frå frivilligsentralen og tek kontakt med kunden etter dei har handla og pakka varene
3.    Ein ordnar med betalinga i samarbeid med kunden pr telefon når kvitteringa er klar
4.    Deretter leverer den frivillige varene heim til deg
5.    Tenesta omfattar ikkje medisin og alkoholvarer
6.    Du betalar kun for varene du kjøper (ikkje transport) 

Frivilligsentralane, butikkane som bidreg i dette arbeidet og dei frivillige har teieplikt.
Opplysningane som du gjev oss i denne samanhengen vert sletta seinast 3 månader etter denne hendinga.

Spørsmål og/eller andre behov for hjelp?

Ta kontakt med Astrid Grete Torheim 41460042 eller Maria Helgesen 95869223.

Takk til frivillige som handlar, pakkar og leverer varene på døra:
Røde kors Eid og Selje, Filadelfia, omsorgsberedskapsgruppa i Selje Sanitetsforeining. - Og takk til Stårheim bilverkstad og Vest Auto på Eid for lån og bruk av bil!

Her er ei oversikt over alternativa for levering av varer i Stad kommune:

Eid Frivilligsentral (tidlegare Eid kommune pluss Bryggja):

Bunnpris Bryggja, Bunnpris Eid , Coop Extra Nordfjordeid, KIWI Nordfjordeid, REMA1000 Nordfjordeid, REMA1000 Stokkenes

Bestilling via Eid frivilligsentral v/Astrid Grete Torheim:

Hugs namn, adresse, telefonnummer, butikk du vil handle i og bekrefting på korleis du vil betale.
Bestiller du før kl. 13:00 vil du få varene same dag.

Betalingsmåtar

Bunnpris Bryggja: Vipps
Bunnpris Eid: Vipps
Coop Extra Nordfjordeid: Vipps, kredittkonto(maxgrense kr. 5.000,- pr. månad) eller Coopay
KIWI Nordfjordeid: Vipps (aller helst) evt. nettbankoverføring om ikkje anna er råd
REMA1000 Nordfjordeid: Vipps (aller helst) evt. handlekonto om ikkje anna er råd
REMA1000 Stokkenes: Vipps (aller helst) evt. handlekonto om ikkje anna er råd

Selje Frivilligsentral (tidlegare Selje kommune – merk også eigne ordningar i regi av butikkane sjølve.):

Bunnpris Selje og Coop Prix Selje
Bestilling via Selje frivilligsentral v/Maria Helgesen

Hugs namn, adresse, telefonnummer, butikk du vil handle i og bekrefting på korleis du vil betale.
Bestiller du før kl. 13:00 vil du få varene same dag.

Betalingsmåtar

Coop Prix Selje: Vipps og kredittkonto
Bunnpirs Selje: Vipps og nettbank
 

I tillegg har følgjande butikkar eigne ordningar for heimkøyring:

Coop Prix Selje:

Tilbyr heimkøyring av varer i området Selje-Barmsund, Årsheim-Kjøde, kvar onsdag med oppstart 25. Mars. Dette er ei ordning som gjeld kunder som er avhengig av andre i tida framover. 

  • Bestilling på tlf eller e-post: 578 59 270 / selje.prix@coop.no
  • Bestilling mandag, tirsdag og onsdag fram til kl.12:00

For å få varene levert må du registrere deg som kredittkunde. Dette må søkjast på eige skjema, og gjerast minimum 3 dager i førevegen. Ta kontakt med Coop Prix på telefon så ordnar dei dette.

Joker Ytre Stadlandet:

  • Bestilling på tlf eller e-post: 578 59 915 / joker.stadlandet@joker.no 
  • Bestilling før kl. 13:00 med levering frå kl. 14:00 
  • Betaling: Vipps, kontant eller faktura 

Joker Flatraket:  
Tilbyr heimkøyring av varer i området Flatraket – Barmsund.

  • Bestilling på tlf eller e-post: 918 30 547 / 578 58 191 eller joker.flatraket@joker.no
  • Bestilling før kl. 15:00 med levering mellom 16-18:00
  • Betaling: Vipps, kontant eller faktura 
  • Ein kan også lage klar varer for henting

Bunnpris Leikanger, Stadlandet: 
Tilbyr heimkøyring av varer i området Stadlandet inkl. Aarsheimstranda og Kjøde. 

  • Bestilling sendes bpstad@bunnpris.no
  • Bestilling etter kl. 15:00 blir levert dagen etter
  • Unntaksvis: Ordre på tlf 57 85 74 55 før kl. 11:00
  • Betaling: Vipps eller bankoverføring
Flere aktiviteter

GRATIS YOGA FOR 50 +

Frå veke 38 – 50 tilbyr frivilligsentralane gratis yoga for Godt vaksne. Instruktør er Gry Hansen v/ Bygda Yogaskule via whereby. To gangar i veka kan ein logge seg på og vere med frå kor som helst. Måndagar kl. 12.00 og torsdagar kl.: 16.30. Ein treng berre ein pc, nettbrett eller ein mobil. Måndagane kan ein komme på frivilligsentralane å gjere yoga saman med andre. Vi loggar på stormskjerm :) Vi har valgt å kalle målgruppa for godt vaksne for å ha ei litt rund «aldersgrense» Med godt vaksne tenkjer vi 50 +, men det er ingen som vil be om legitimasjon og sjekke alder. 😊 Og ein vil oppfordre yngre om å gjere yoga saman med besteforeldre eller andre. Les meir om tilbodet og få link til yogatimane og bruksanvsining til whereby. :

2024 © Eid frivilligsentral