Stadven - Inkluderingskontakt for nye innbyggjarar

Når ein er ny på ein stad er det fint å ha kontakt med lokale som kjenner plassen, muligheitane, språket og kulturen. Det er igjennom møte med andre mennesker og deltaking i aktivitet ein blir inkludert og kan trivast. Her kan du melde deg både som Stadven- frivillig inkluderingskontakt, og melde i frå om du har behov for ein Stadven. Det er spesielt stort behov for dette tiltaket no som Stad kommune får mange nye flyktningar. Her vil det også bli behov for frivillige til ulike praktiske oppgåver. (foto: Sigve Rasmussen)

Aldersgruppe: For alle

Når du melder deg vil du bli kontakta og få meir informasjon.
Og vi legg ein liten plan ilag ut i frå dine ynskjer og behov.
Og deretter blir ein kobla / matcha med nokon som treng ein Stadvenn. Du får også

Det er og viktig at du som frivillig fortel oss dine interesser, kompetanse, kva du vil bidra med.
Dette skriv du i kommentarfeltet. Ta kontakt på tlf.: eller e-post om du har spørsmål.

Dei frivillige kan både vere organisert i ein eksisterande foreining, og som eigen organisert frivillig.(Også kalla eldsjel.)

Det vil komme meir info om kva ein kan bidra med/kva behovet er.
So langt veit vi at det gjeld både  
-nokon å gå tur med,
-nokon som kan vise rundt, fortelje om kva som er av frivillige organisasjonar, aktivitetstilbod m.m. ,
-digital hjelp,
- leksehjelp
-praktisk hjelp som til dømes klargjering av bustadar med meir.
-transport og bistand til ulike avtalar,
-språk / kultur

Ein vil kunne melde seg til eit konkret oppdrag, men og mulig å følgje opp ein person/ein familie.
Her med tett dialog og samarbeid med frivilligsentralane som igjen har god kontakt og samarbeid med integreringstenesta og andre frivillige.

Alle frivillige som melder seg vel sjølv kva dei kan bidra med og kor mykje.
Ein vil skrive under taushetsplikt og i nokre tilfeller vil det vere krav om politiattest.

Kort sagt:
Vi engasjerer frivillige til å vere Stadvenn som
-styrker kontakten mellom mennesker på tvers av generasjoner og kulturer
- bidra til at ein blir fortare kjend med tilbod og aktivitetar i lokalsamfunnet
- hjelp og støtte til utfordringar innan språk, avtalar og system/digitalt.
- praktiske gjermål i førebuinga av bustadar

Frivilligsentralen formidlar kontakt mellom dei som ønskjer å bistå andre og dem som ønsker/treng å motta frivillig innsats.I tett samarbeid og dialog med integreringstenesta.

Flere aktiviteter

Nattevandrer 2024/2025

Nattevandrarane på Nordfjordeid er eit Stopp Volden-prosjekt. Edru vaksne i alle aldrar bruker 3 timar så mange kveldar ein sjølv ønskjer for å vere tilgjengeleg for ungdom som held seg i sentrum og omegn på kvelden/natta. Det er ein kjekk og sosial tur i lag med andre vaksne i Nordfjordeid sentrum. De vert kjende med ungsomsmiljøet på Nordfjordeid. Det er trygt for ungdomane å vite at Nattevandrarane er ute. De ferdast der ungdomane er og de er ute for at dei skal føle seg trygge. Trykk på hjerte på den/dei dato(ane) du vil gå, og du har meldt deg til vakt.

2024 © Eid frivilligsentral