-
BUA Eid
BUA Eid har gratis utlån av utstyr til aktivitet og friluftsliv for privatpersonar, barnehagar, skular, lag, organisasjonar og besøkjande i Stad kommune.BUA står for barn og unge i aktivitet. Hovudmålgruppa er barn og unge, men familiar og vaksne/eldre kan også nytte seg av dette tilbodet. BUA EID har utstyr til både land- og sjøaktivitetar; til overnatting, fjelltur, sykling, padling, leik og moro! BUA EID held til ved LA-bygget på Langeland.
Nattevandrer 2024/2025
Nattevandrarane på Nordfjordeid er eit Stopp Volden-prosjekt. Edru vaksne i alle aldrar bruker 3 timar så mange kveldar ein sjølv ønskjer for å vere tilgjengeleg for ungdom som held seg i sentrum og omegn på kvelden/natta. Det er ein kjekk og sosial tur i lag med andre vaksne i Nordfjordeid sentrum. De vert kjende med ungsomsmiljøet på Nordfjordeid. Det er trygt for ungdomane å vite at Nattevandrarane er ute. De ferdast der ungdomane er og de er ute for at dei skal føle seg trygge. Trykk på hjerte på den/dei dato(ane) du vil gå, og du har meldt deg til vakt.- Elektronisk registrering gjer du her: https://eid.frivilligsentral.no/
Om Nattevandringa:
Når du er registrert som Nattevandrer får du tilsendt ein vaktplan med oversikt over alle vaktene denne hausten. Du kan enkelt gå inn å velje dei vaktene som passar deg best. Vi treng så mange som mulig til å melde seg, og du kan melde deg sjølv om du ikkje lenger har ungdomar i ungdomsskulealder.Du kan lære meir om Nattevandrerordninga ved å lese retningslinene for Nattevandrarane på Nordfjordeid. Dei finn du her: RETNINGSLINER FOR Nattevandrer
Bli med du også! Kjenner du andre som kunne vore Nattevandrer - TIPS DEI DÅ VEL!
Kontakt Eid Frivilligsentral på telefon 41460042 om du har spørsmål.
Del på:
-
Datahjelp på Eid Frivilligsentral
Er det ei nettside du treng hjelp til å finne fram på? Noko rart som dukkar opp på mobilen din? Ein app du vil lære eller installere? Finne ut kvar ting er lagra? Dele bilete frå mobil til Facebook? Måndagar mellom kl. 11:30-14:30 kan du kome innom Eid Frivilligsentralfor å få hjelp med nettbrett, mobil, Mac eller Windows-PC.
-
Datakafè med Seniornett Eid
Kan du litt data frå før, og vil lære meir, anbefalar vi Datakafeane til Seniornett Eid, kvar torsdag på Kringla - Eid Frivilligsentral frå kl. 11.30 - kl. 15.00. Her vert det temaøkter, felles lunsj og muligheit for individuell hjelp på slutten av økta. Seniornett Eid er ein eigen organisasjon tilslutta Seniornett Norge. Vi tilrår difor at eldre databrukarar melder seg inn der. Det er eit medlemskap som kan gi deg mykje att for pengane.
-
Eid datastove
Er du senior og treng opplæring i bruk av smarttelefon, nettbrett eller PC, så meld deg på Eid Datastove! Påmelding til Åsmund Kyrkjeide tlf. 905 84 220 eller Astrid på Eid Frivilligsentral tlf. 41460042.
-
Hjelp ein sambygding/Praktisk hjelp
Treng du hjelp til mindre praktiske gjeremål iheimen. Då kan du kontakte Frivilligsentralen på nett eller på tlf. 41460042, så skal vi prøve å hjelpe. Eid Frivilligsentral treng også fleire frivillige til å hjelpe til med slike småoppdrag. Bur du i indre deler av Stad kommune (frå Bryggja og austover) så ta kontakt.