-
Fårikålens Festdag
Sommarjobb for ungdom 14 - 20 år
Frivilligsentralane og Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftelsen, Helsedirektoratet og Bufdir tilbyr omlag 25 ungdomar sommarjobb i 2 veker i sommar. Søknadsfrist 4.juni. Vi tilbyr og gratis CV skrivarkurs.Sommerjobbane blir lagt opp til 2 veker med arbeidstid seks timar pr. dag måndag til fredag.Det er to kategoriar sommarhjelpjobbar:
-Sommarhjelp aktivitet: Skape sommarmøteplassar/-aktivitet for barn/ungdom og drifte BUA.
- Sommerhjelp omsorg: Skape sommaraktivitet for heimebuande eldre/eldre som bur på institusjon.
Du som søkjer:
- er ein ungdom som er fødd mellom 2003 - 2009 (14-20 år) og har folkeregistrert adresse i Stad kommune.
- er ein ungdom som er pliktoppfyllande, kan følgje dei reglar og rutiner som er sett for jobben og møter presis.
- er ein ungdom som er kreativ, serviceinnstilt, likar å organisere aktivitetar og likar å bli kjend med og prate med nye folk.
- vil få god opplæring og oppfølging dersom du får tilbod om jobb.
- må lage ein CV når du søkjer.

Arbeidsstadar: Nordfjordeid og Selje.
Søknadsfrist: Søndag 4. juni.
Oppstart frå veke 26-27.
Her finn du SØKNADSSKJEMA
Lær deg å skrive ein god CV!
Alle som søkjer på sommarhjelpjobbane
må legge ved ein CV.
Vi har hatt 2 CV-kurs på TEAMS:
KLIKK HER FOR Å SJÅ PRESENTASJONEN FRÅ CV-KURSET HER
2023-23-05 CV-kurs
Ein mal på korleis CV - en kan sjå ut finn du er. Hugs at dette er eit døme. Du må fylle inn opplysningane om deg på denne malen.
CV-mal-forste-CV
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.