-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!Vi i frivilligsentralane i Stad kommune søkjer frivillige som har lyst til å gjere den digitale kvardagen litt enklare for andre.
Som digihjelpar får du opplæring og støtte til å hjelpe med ting som mobil, nettbrett, appar, e-post, BankID, Helsenorge, offentlege tenester og andre digitale utfordringar. Du treng ikkje vere ekspert – det viktigaste er at du er tolmodig, nysgjerrig og likar å hjelpe andre.
Oppdraga kan vere ulike:
- éin-til-éin rettleiing på bibliotekene på Nordfjordeid og i Selje
- heimebesøk hos dei som ønskjer det
- kurs og rettleiing for mindre grupper
Du bestemmer sjølv kva slags oppdrag du vil ta, og kor ofte du vil bidra. Kanskje har du berre tid ein gong iblant – det er heilt fint!
Vi treng frivillige både i indre Stad (Nordfjordeid og omegn) og ytre Stad (Bryggja, Selje, Stadlandet og omegn).
📍 Nordfjordeid: Hovudbiblioteket på Operahuset Nordfjord, Sophus Lie-vegen 3
📍 Selje: Selje bibliotek på Selje kommunehus, Nabben 80
Du treng altså ikkje vere digital ekspert. Du treng berre å kunne litt – og ha lyst til å dele det du kan 😊
Spørsmål?
Ta gjerne kontakt med Camilla på e-post: camilla.husevag@stad.kommune.no
Vil du bli med?
Meld di interesse her (bla heilt ned for kontaktskjema).
Del på:
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.
-
Sommarjobb for deg over 20 - Arbeidsleiarar for sommarhjelp
Stad kommune søkjer etter to arbeidsleiarar for sommarhjelpane våre (ungdom mellom 14 og 18). Begge stillingane er 80 %. Ei stilling er i Selje og den andre på Nordfjordeid. Arbeidet skal utførast i perioden 01.07.2026 - 04.08.2026. Arbeidstid er måndag - fredag, seks timar kvar dag. Start- og sluttidspunkt kan variere etter avtale.
-
Sommarhjelp for sommarmøteplassar 2026 - SØKNADSFRIST 7. juni 2026
Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga og BUFDIR tilbyr 2 vekers sommarjobb for 10 ungdommar i Stad kommune født 2012-2008. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her: