Nattevandrer 2023/2024

Nattevandrarane på Nordfjordeid er eit Stopp Volden-prosjekt. Edru vaksne i alle aldrar bruker 3 timar så mange kveldar ein sjølv ønskjer for å vere tilgjengeleg for ungdom som held seg i sentrum og omegn på kvelden/natta. Det er ein kjekk og sosial tur i lag med andre vaksne i Nordfjordeid sentrum. De vert kjende med ungsomsmiljøet på Nordfjordeid. Det er trygt for ungdomane å vite at Nattevandrarane er ute. De ferdast der ungdomane er og de er ute for at dei skal føle seg trygge. Trykk på hjerte på den/dei dato(ane) du vil gå, og du har meldt deg til vakt.

Aldersgruppe: 18 til 100 år

Elektronisk registrering gjer du her: https://eid.frivilligsentral.no/ 

Om Nattevandringa: 
Når du er registrert som Nattevandrer får du tilsendt ein vaktplan med oversikt over alle vaktene denne hausten. Du kan enkelt gå inn å velje dei vaktene som passar deg best. Vi treng så mange som mulig til å melde seg, og du kan melde deg sjølv om du ikkje lenger har ungdomar i ungdomsskulealder. 

Du kan lære meir om Nattevandrerordninga ved å lese retningslinene for Nattevandrarane på Nordfjordeid. Dei finn du her: RETNINGSLINER FOR Nattevandrer

Bli med du også! Kjenner du andre som kunne vore Nattevandrer - TIPS DEI DÅ VEL! 

Kontakt Eid Frivilligsentral på telefon 41460042 om du har spørsmål.

Flere aktiviteter

GRATIS YOGA FOR 50 +

Frå veke 38 – 50 tilbyr frivilligsentralane gratis yoga for Godt vaksne. Instruktør er Gry Hansen v/ Bygda Yogaskule via whereby. To gangar i veka kan ein logge seg på og vere med frå kor som helst. Måndagar kl. 12.00 og torsdagar kl.: 16.30. Ein treng berre ein pc, nettbrett eller ein mobil. Måndagane kan ein komme på frivilligsentralane å gjere yoga saman med andre. Vi loggar på stormskjerm :) Vi har valgt å kalle målgruppa for godt vaksne for å ha ei litt rund «aldersgrense» Med godt vaksne tenkjer vi 50 +, men det er ingen som vil be om legitimasjon og sjekke alder. 😊 Og ein vil oppfordre yngre om å gjere yoga saman med besteforeldre eller andre. Les meir om tilbodet og få link til yogatimane og bruksanvsining til whereby. :

2024 © Eid frivilligsentral