Aktive eldre i Eid kommune

"Aktive eldre" skal førebyggje einsemd gjennom å aktivisere fleire seniorar/eldre. Prosjektet jobbar for å motverke einsemd, passivitet og sosial tilbaketrekning, og å skape aktivitet, deltaking, sosialt fellesskap og møteplasser. Ønskje er å ta i bruk dei aktivitetar, møteplassar, nærmiljøtiltak og frivillige organisasjonar som allereie fanst i kommunen vår.

Aldersgruppe: Fra 55 år

"Aktive eldre" handlar om:
- Kor viktig det er å vere aktiv.
- Kor utrulig mange måtar ein kan vere aktiv på.
- Kor kjekt det er å vere aktiv.
- Kor enkelt det er å vere aktiv.
- Kor kjekt det er å delta i lag med andre.
 - Kor viktig det er å bu godt for å kunne halde seg aktiv.  
 - Kor viktig det er å henge litt med i den teknologiske kvardagen, og kor enkelt det er å få lære litt om det på Seniornett sine tilbod.
 - Humor og glede i aktiv alderdom
- Seniorar har ein kompetanse som frivillige lag og organisasjonar treng.

Aktivitetar i 2017/-18:
- Leikaring for små og store saman.  
- Sogelag, slektsgransking, bygdebok
- Harpefossen skisenter - aktivitet for alle sommar og vinter.
- Revy
 - Hesteskokasting.
 - Korsong
- Bil- og motor
- Seniordans
 - Godt vaksen og korpsmusikant.
- Kløverturar og deltaking i fleirkulturelle aktivitetar
 - Fellesanlegget Tua – tilrettelagt for aktivitet i natur og skyteaktivitet sommar og vinter.
 - Onsdagsturar i skog og mark
- Bygdekino
 

Det er eit ønskje om å fortsette med aktivitetsdagar, seniordans og trim også i 2019.

2019 © Eid frivilligsentral