Frigjeringsdagen, Veterandagen og den internasjonal Røde Kors dagen - 8. mai 2021

I år var det Stad, Stryn og Gloppen kommune som saman med Eid Røde Kors inviterte til felles markering. I mange år har Eid Frivilligsentral vore koordinator for markeringa av denne spesielle dagen her på Nordfjordeid. Ekstra kjekt er det å få gjere dette saman med fleire medarbeidarar i den flotte kulturavdelinga i Stad kommune. I tillegg er frivillige organisasjonar som Eid Røde Kors, NROF, Eid Musikklag, Eid Ungdomskor og Plassens Venner viktige medspelarar. Det er også veteranane i Nordfjord og HV11. Også i år måtte vi avgrense arrangementet grunna Convid 19 pandemien. Og for å få alle med så vart arrangementet strøyma direkte på Facebook. Det vart ei flott sending Frequency fekk laga for oss.

Det er utrulig kjekt å sjå kor mange som heiser flagg og som tilsaman deltek på arrangementet både på Plassen og ved å sjå markeringa på nett.  Alle er med på å halde tradisjonen vedlike.

Her finn du sendinga dersom du ønskjer å sjå den i opptak: https://www.facebook.com/stadkommune/videos/243067974258841 

Vi har også samla lenker til diverse omtale i media:

Fjordenes Tidende (abo): Det var mange som møtte opp da veteranane frå Forsvaret blei hylla

Fjordabladet (abo):Tale for dagen av Alfred Bjørlo 

Fjordabladet (abo) : Frode Fagerli: ─ Fred og fridom kjem ikkje av seg sjølv 

Fjordabladet (abo):  Sveinung Mæland Pile: -Aldri meir 9. april 

Fjordabladet (abo): Dag Magne Sætren, leiar i Eid Røde Kors: ─ Vi treng fleire frivillige i vårt arbeid

No gledar vi oss til 2022. Då håpar vi at vi kan få markert dagen med eit større arrangement på Eksersisplassen.

2021 © Eid frivilligsentral