-
Fårikålens Festdag
Prosjektstilling i frivilligsentralane
Stad kommune har ledig ei 100 % prosjektstilling frå 12.08.2026 til 30.06.2027. Vi søkjer ein engasjert og strukturert prosjektmedarbeidar til to prosjekt: 1. "Bli med på fritidsaktivitet i Stad!" 2. "Etablering av faste opplæringsarenaer for digital kompetanse i Stad kommune".Litt meir om dei 2 prosjekta:
1. "Bli med på fritidsaktivitet i Stad!"
Prosjektet skal kartleggje fritidstilbod, barrierar for deltaking og tiltak som kan gi fleire born og unge like moglegheiter til å delta. Forventa prosjektresultat er varige rutinar tilgjengeleggjering og formidling av denne informasjonen i heile kommunen.
2. "Etablering av faste opplæringsarenaer for digital kompetanse i Stad kommune".
Prosjektet skal etablere faste arenaer for digital hjelp og opplæring ved bibliotek og frivilligsentralar, samt styrke frivillige og tilsette som gir digital støtte hos heimebuande eller i andre kommunale tenester.
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.