Sommarhjelp for sommarmøteplassar 2026 - SØKNADSFRIST 7. juni 2026

Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga og BUFDIR tilbyr 2 vekers sommarjobb for 10 ungdommar i Stad kommune født 2012-2008. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her:

Ungdom i alder 14 - 18 år som har folkeregistrert bustadadresse i Stad kommune kan søkje. Arbeidsperioden varer i 2 veker. Arbeidsstad Selje eller Nordfjordeid .Oppstart frå veke 28.

Kva går jobben ut på:
Som sommmarhjelp skal du skape sommarmøteplassar/-aktivitet for barn/ungdom og drifte utlånsordninga BUA.

Du skal jobbe i eit team på to - tre stk. sommarhjelper.
Du vil få god opplæring og blir følgt opp av ein arbeidsleiar.  

Hovudoppgåver til Sommarhjelpene:
-Lage til aktivitetar og møteplassar for ungdom.
Nokon av aktivitetane i samarbeid med lokale lag og organisasjonar.

 - Drifte BUA.
lære seg BUA systemet, utlån, halde ordne på lokale og aktivitetsutstyret.

Alle som søkjer Sommarhjelp må legge ved ein CV i søknadsskjema.

Sjølv med liten eller ingen arbeidserfaring må du lage ein CV.

Klikk på lenkene/ blå knappane for gode tips:

Korleis skrive ein god CV        Døme på CV/ CV mal  

SØK på Sommarhjelpjobb her:    SØKNADSKJEMA


NB! ! Når du søkjer skal du  krysse av for kva veker du veit sikkert at du kan jobbe. (du kan krysse av for fleire alternativ)
Pass på å planlegg godt for vi kan ikkje justere etter kvar enkelt i ettertid.
Det betyr at får du tilbod om jobb og det viser seg at du for eksempel kun kan jobbe ei av vekene pga andre planar, so må du takke nei, og jobben går til neste på lista. )

Dei som ikkje har jobba som sommarhjelp før og/eller ikkje har andre jobbar i sommar,  vil bli prioritert.

Ta kontakt om du har spørsmål

_______________________________________________________________________________________________________

*Er du over 20 og vil søkje på jobben som arbeidsleier?
Les om og søk jobben 

*Vil ditt lag/org. lage, ein aktivitet for born og unge  i sommarferien?
Ein kan då fylle ut eit enkelt søknadsskjema og få tilskot på kr 1500,- til aktiviteten/laget.

Les meir HER

Ta kontakt med dagleg leiar i Selje eller Eid frivilligsentral.


Flere nyheter

💚 Folkehelseundersøkinga 2026 💚

💛 16. april 2026 blir eit utval av innbyggjarane i Vestland over 18 år inviterte til å delta i folkehelseundersøkinga. 📲 Undersøkinga er nettbasert og dei som er plukka ut, får invitasjon på SMS eller e-post. ⁉️Treng du digital rettleiing for å kunne svare på undersøkninga? Både biblioteket og Eid Frivilligsentral står klare til å hjelpe deg! 😀 Vi kan ikkje hjelpe deg med svara, men hos oss kan du låne ein pc eller få rettleiing om korleis du loggar deg inn på Helse Norge.

2026 © Eid frivilligsentral