-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
Velkomne til berekraftig FAMILIElaurdag med sådag og klesbytedag!
Laurdag 25. april vert det FAMILIElaurdag med sådag og klebytedag frå kl. 11:00 - 14:00. Lever inn reine og heile kle og sko gjennom veka (måndag 20. april tom. fredag 24. april) og få klesbytelappar i retur. Desse kan du byte inn i plagg laurdag 25. april mellom 11:00 - 14.00. Merk: du kan levere inn maks 8 plagg.I tillegg vert det:
SÅ-DAG! Frå kl. 12:00 står Grøn integrering klare til å ta i mot deg, og her kan du så deg anten solsikke, grønkål eller sukkererter!
KONKURRANSAR! Bli med på rebus i biblioteket – vinn kjekke kinopremiar.
GRATIS KAFFI OG VAFLER frå Eid Røde Kors omsorg sin laurdagskafe.
Velkomen til ein kjekk og berekraftig laurdag!
Slik fungere klebytedagen:
Del på:
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.
-
Sommarjobb for deg over 20 - Arbeidsleiarar for sommarhjelp
Stad kommune søkjer etter to arbeidsleiarar for sommarhjelpane våre (ungdom mellom 14 og 18). Begge stillingane er 80 %. Ei stilling er i Selje og den andre på Nordfjordeid. Arbeidet skal utførast i perioden 01.07.2026 - 04.08.2026. Arbeidstid er måndag - fredag, seks timar kvar dag. Start- og sluttidspunkt kan variere etter avtale.
-
Sommarhjelp for sommarmøteplassar 2026 - SØKNADSFRIST 7. juni 2026
Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga og BUFDIR tilbyr 2 vekers sommarjobb for 10 ungdommar i Stad kommune født 2012-2008. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her: